Dokumentasjon ved lengre språkkurs

Krav til dokumentasjon når du søker

Når du har søkt om stipend eller lån til språkkurs må du sende dokumentasjon til oss.
Stadfestinga skal vere frå skolen der du skal ta språkkurset. Stadfestinga må vise start- og sluttdato for kurset og talet på timar med undervisning per uke.

Dersom du skal betale skolepengar, må du sende stadfesting frå skolen som viser kor mykje du skal betale. Dersom du får støtte frå andre for å dekke skolepengar, må du gi oss beskjed om det.

Du må dokumentere at du har generell studiekompetanse i Noreg. Det kan for eksempel vere vitnemål frå vidaregåande skole.

Dersom du skal ta eit lengre språkkurs på ein språksole, må du sende oss informasjon om kva språkeksamen du skal avslutte kurset med. Dersom du skal ta språkkurset ved eit universitet, treng du ikkje sende informasjon om kva språkeksamen du skal ta.

Krav til dokumentasjon etter at kurset er ferdig

Dersom du har fått lån og stipend til lengre språkkurs må du sende inn dokumentasjon i etterkant for å få lån omgjort til stipend.

Kursbeviset må vise at du har fullført kurset. Dersom du har tatt kurset ved ein språkskole, må du og sende dokumentasjon som viser at du har bestått ein offisiell språkeksamen. Denne språkeksamenen må gi grunnlag for opptak til høgare utdanning i det aktuelle landet. Dette er ikkje nødvendig når du har tatt språkkurs ved eit universitet.

Dersom du har fått lån og stipend til skolepengar må du sende stadfesting frå skolen som viser kva du har betalt i skolepengar eller kursavgift.