Grunnskoleutdanning

Lånekassen kan på visse vilkår gi lån og stipend til grunnskoleutdanning.
Hender holder åpen bok. Foto.

Kven kan få lån og stipend til grunnskoleopplæring?

Elevar i opplæringspliktig alder, altså dei som går på «vanleg» barne- eller ungdomsskole, får ikkje støtte frå Lånekassen. Du må ha rett til grunnskoleopplæring etter opplæringsloven § 4A-1. Det inneber som regel at du er over skolepliktig alder, men likevel treng meir grunnskole.

Kor mykje kan eg få

Elevar utan ungdomsrett får lån og stipend etter dei same reglane som elevar i vidaregåande skole utan ungdomsrett.

Flyktningstipend

Har du fått vern (asyl) i Noreg, kan du få flyktningstipend i inntil tre år dersom du tar grunnskole, avhengig av kor lang tid det tok frå du fekk vern til du begynte på utdanninga.

Du kan ikkje få flyktningstipend om du bur på asylmottak.

Gå til søknaden
Vidaregåande utan ungdomsrett
Sjå kor mykje du kan få
Flyktning
Les meir om stipend til flyktningar

Stipendet ditt kan bli gjort om til lån dersom du har trygd

Lånekassen sjekkar inntekt og formue

Inntekta og formue påverkar kor mykje stipend du kan få. Det betyr at dersom du har inntekt, formue eller trygd over grensene, blir stipendet ditt gjort om til eit lån som du må betale tilbake.

Dersom du er gift, reknar vi også med den felles formuen til deg og ektefellen din.

Vi sjekkar kor stor inntekt og formue du har

Lånekassen får informasjon om kor stor arbeidsinntekt, formue og trygd du har hatt kvart år du får flyktningstipend. Informasjonen om inntekta di bruker vi til å sjekke om du har rett til å behalde stipendet ditt. Du får eit brev frå oss når vi har kontrollert inntekt og formue

 

Les om inntekt og formue

Aktuelt regelverk