Du bruker den vanlege søknaden
Du bruker den same søknaden som studentar i høgare utdanning.
Du bruker også denne søknaden om du skal søke om flyktningstipend.
10.11.2026: Frå kl.15.45 i dag kan du ikkje logge inn til dei digitale tenestene våre. Dette skuldast planlagt vedlikehald. Velkommen tilbake i morgon!
Du bruker den same søknaden som studentar i høgare utdanning.
Du bruker også denne søknaden om du skal søke om flyktningstipend.
I søknaden søker du om basislån og eventuelt skolepengelån. Du kan velje å berre søke om den delen av lånet som kan bli gjort om til stipend, eller om du vil ha resten av basislånet i tillegg.
Søknaden gjeld også for andre stipend og lån som berre somme har krav på. Dette er barnestipend, tilleggslån og flyktningstipend.
Det er eigne søknader for foreldrestipend og for tilleggsstipend ved nedsett funksjonsevne.
Du får svar, eller beskjed om status for søknaden, innan 24 timar.
Søknaden er ikkje synleg på Dine sider med éin gong, men så lenge du har fått kvittering, har vi fått søknaden din. På Dine sider får du også informasjon om anslått behandlingstid for søknaden din.
No kan du søke om lån og stipend for 2026–2027.
Søknadsfristen for haustsemesteret eller heile året er 15. november, og 15. mars for vårsemesteret.