Søknad om stipend og lån til yrkesutdanning i Norden

Dette søker du om

I søknaden søker du om basislån og eventuelt skolepengelån. Du kan velje å berre søke om den delen av lånet som kan bli gjort om til stipend, eller om du vil ha resten av basislånet i tillegg.

Søknaden gjeld også for andre stipend og lån som berre somme har krav på. Dette er barnestipend, tilleggslån og flyktningstipend.

Det er eigne søknader for foreldrestipend og for tilleggsstipend ved nedsett funksjonsevne.

Dokumentasjon

Når du søker om lån og stipend til utdanning i utlandet for første gong, må du sende inn:

  • Endeleg opptaksbrev utan faglege vilkår frå lærestaden
  • Stadfesting frå lærestaden som viser kor mykje du eventuelt skal betale i skolepengar

Behandlingstid

Saka blir behandla av ein saksbehandlar, så du må rekne med litt tid før du får svar.

Søknaden er ikkje synleg på Dine sider med éin gong, men så lenge du har fått kvittering, har vi fått søknaden din. På Dine sider får du og informasjon om anslått behandlingstid for søknaden din.

Søknadsfristen har gått ut

Søknadsfristen for studieåret 2023–2024 gjekk ut 15. mars 2024.

Søknaden for neste år, studieåret 2024–2025, opnar i starten av mai.

Nokre kan stadig søke for
2023–2024

Dersom utdanninga di begynte etter 1. mars 2024, kan du framleis søke om stipend og lån. Fristen er innan studieåret er ferdig.