Lån og stipend til vaksne studentar

Gjeld deg som er student og over 30 år. Nederst på sida finn du eksempler på kor mykje lån og stipend du kan få til saman.

Du kan få lån til utdanning på deltid og heiltid

Du kan få lån og stipend både om du studerer på deltid og på fulltid, uavhengig av om du til dømes skal ta 30 eller 7,5 studiepoeng per semester. Kor mykje du får utbetalt, avheng av kor mange studiepoeng du tar.

Vaksen student i Noreg

Som vaksen student kan du få lån og stipend frå Lånekassen. Det gjeld også om du jobbar samtidig som du studerer.

Den einaste forskjellen på kva unge og vaksne studentar kan få, er at studentar over 30 år kan få låne meir.

Basislån og skolepengar

Som alle andre studentar, kan også vaksne studentar søke om basislån.
I studieåret 2026–2027 er basislånet 170 368 kroner. Beløpet gjeld dei som får utbetaling 11 månader i året. Du kan også søke om ekstra lån til skolepengar, dersom du for eksempel går på BI eller ein annan lærestad i Norge. Maksimalt lån til skolepengar for eit studieår er 81 102 kroner.

Er du over 30 år, kan du få tilleggslån

Er du 30 år eller eldre og skal ta høgare utdanning, kan du som fulltidsstudent ha rett på eit tilleggslån på inntil 121 740 kroner for eit studieår. Tilleggslånet er avgrensa til 243 480 kroner til saman. Dersom du tar færre studiepoeng, får du tilbod om å låne eit mindre beløp.

Har du barn, kan du få meir

Studentar som har barn under 16 år, kan få ekstra stipend og lån. Ein føresetnad for å få barnestipendet er at du sjølv, eller ektefellen/sambuaren din, har inntekt eller formue under dei fastsette grensene.

Sjekk kor mykje barnestipend du kan få og kva inntektsgrensa er.

Det er også eit tilleggslån for studentar med barn som du kan søke om. Dette tilleggslånet er på inntil 60 870 kroner for eit studieår. Det er avgrensa til 121 740 kroner totalt. Merk at du ikkje kan få dette samtidig som du får tilleggslån for studentar over 30 år.

Du kan få lån uansett kor mykje du tener

Inntekta di påverkar ikkje kor mykje du får utbetalt, men kan påverke kor mykje av lånet som blir gjort om til stipend etterpå. Inntektsgrensa er forskjellig ut frå om du har fått støtte frå Lånekassen både våren og hausten 2026, eller om du berre har fått støtte hausten 2026.

  • Inntektsgrensa for deg som får støtte både våren og hausten 2026: 224 709 kroner
  • Inntektsgrensa for deg som får støtte berre hausten 2026: 561 773 kroner
  • Inntektsgrensa for deg som får støtte både våren og hausten 2027: 243 040 kroner
  • Inntektsgrensa for deg som får støtte berre hausten 2027: 607 600 kroner

Dersom du har studielån frå før

Dersom du studerer på fulltid, er lånet rentefritt og du slepp å betale på lånet. Er du deltidsstudent, må du fortsette å betale på lånet medan du studerer. Dersom du ønsker det, kan du utsette betalinga av lånet.

Eksempler på hvor mye du kan få

Eksemplene under tar utgangspunkt i at du studerer på fulltid. Det vil seie at du tar 30 studiepoeng per semester. Beløpa blir justert ned dersom du studerer på deltid.

Student med barn

Er du 30 år eller eldre, kan du søke om:

  • basislån: inntil 170 368 kroner per år
  • tilleggslån: inntil 121 740 kroner per år
  • barnestipend (barn 0-16 år): inntil 2 340 kroner (eitt barn), inntil 4 471 kroner (to barn), inntil 5 856 kroner (tre barn) per månad.

Som fulltidsstudent med eitt barn vil du då kunne få til saman 317 848 kroner for eitt studieår. Du kan også søke om lån til skolepengar.

Student uten barn

Er du 30 år eller eldre, kan du søke om:

  • basislån på 170 368 kroner
  • tilleggslån på inntil 121 740 kroner

Som fulltidsstudent vil du då kunne få til saman 292 108 kroner for eitt studieår. Du kan også søke om lån til skolepengar.