Vi bryr oss
… om at du føler stoltheit av arbeidsplassen din, både fordi den gir deg dei utfordringane du treng, fordi kollegaene dine er fagleg sterke og fordi du veit at det du gjer hos oss, er meir enn berre ein jobb.
Lånekassens ordningar bidrar til at den enkelte kan tileigne seg ei utdanning som gjer ein klar for arbeidslivet, og kompetanse som gjer ein relevant og attraktiv gjennom eit heilt arbeidsliv. På samfunnsnivå betyr det at Lånekassen bidrar til at kompetansebehovet i samfunnet blir dekka.
Vi bryr oss om kvarandre, og om å ta vare på vårt gode og inspirerande arbeidsmiljø. Du vil frå første dag bli møtt av eit inkluderande fagmiljø og engasjerte kollegaer som følger deg opp tett – både fagleg og sosialt!