Maja, kundebehandlar på kundesenteret
Det aller beste med jobben er dei fantastiske kollegaene mine. Vi har eit veldig godt arbeidsmiljø!
Lånekassen er ein hel bank, med eit stort regelverk. Det er utroleg mykje å lære seg, og det synast eg er veldig gøy! Eg har mange gode møte med folk i ulike situasjonar. Det gjer også at eg er borti alle moglege tema og lovverk.
Arbeidsdagen går i hovudsak med på å snakke i telefonen, og vi svarer også på e-postar frå kundene. Vi har en flott rigg med superbrukarar og fagansvarlege du alltid kan spørje, og gode og trygge leiarar.
