Behandlingstid for ulike sakstypar
Dersom søknaden kan vurderast maskinelt av ein datamaskin, får du normalt svar på søknaden innan to dagar.
Dersom søknaden må bli behandla av en saksbehandlar må du rekne med fleire vekers ventetid. No er behandlingstida ekstra lang for brev, e-postar og søknader som Årsaka til det er at vi får svært mange spørsmål og søknader om lån og stipend om sommaren og hausten. Vi jobbar så raskt vi kan, og gjer det vi kan for at du skal få svar så fort som mogleg.
Type søknad eller henvendelse | Behandlingstid |
---|---|
Søknader om lån og stipend for elevar og studentar i Noreg | inntil 8 veker |
Søknader om lån og stipend for studentar i utlandet | inntil 8 veker |
Søknader om tilleggsstipend ved nedsatt funksjonsevne | inntil 8 veker |
Søknader om foreldrestipend | inntil 12 veker |
Søknader om sjukestipend | inntil 16 veker |
Nye opplysningar til ein søknad som er ferdig behandlet | inntil 20 uker |
Klager | inntil 12 veker |
Svar på årleg kontroll av utdanning i utlandet | inntil 5 veker |
Dersom du har ein klage som skal avgjerast i klagenemnda, finn du informasjon om møtedatoer i klagenemnda her.
Svartid på e-post fra Dine sider: inntil 14 yrkedager
Det er mange som sender oss e-post frå Dine sider og derfor tar det dessverre noko lenger tid før du får svar frå oss enn til vanleg. Kundesenteret vårt svarer på e-postar innan 14 yrkedagar
Nokre e-postar får lenger svartid
I nokre tilfelle må saka bli vurdert av ein saksbehandlar, og då er svartida på e-post lenger enn 14 yrkedagar. Dette får du beskjed om i kvitteringa du får når du sender inn meldinga di.
Logg inn for å se når du kan forvente svar
På Dine sider står det når du kan forvente å få svar på søknaden din. Det likevel kan ta lenger tid enn den datoen du ser på Dine sider, særleg om sommaren og hausten når det er mange som søker om lån og stipend.