Tolkninga og bruken av regelverket som klagenemnda gjer, er retningsgivande for Lånekassen si behandling av tilsvarande saker.
Klagefrist og saksgang
Dersom Lånekassen har gjort eit vedtak som du meiner er feil i forhold til regelverket, kan du sende inn ei skriftleg og underskriven klage til Lånekassen. Du må klage innan tre veker etter at meldinga om vedtaket er komme fram til deg. Du kan ikkje klage på forskriftene, berre på bruken av dei. Les meir om korleis du klagar og saksgangen.
Medlemmer i nemnda
Medlemmene blir valde for tre år om gongen, bortsett frå representantane for elevar og studentar, som blir valde for eitt år om gongen.
Medlem |
Verv |
---|---|
Bjørn Bogstad |
Leiar |
Ida Helene Braastad Balke |
Nestleiar / vararepresentant for leiar |
Liv Asheim Leirvik |
Vararepresentant |
Ruben Haugland (NSO) |
Fast studentrepresentant. |
Kristina Enger (ANSA) |
Personleg vararepresentant |
Sekretærar for klagenemnda
Fredrik Wie og Simen Steive
Møtedatoar for klagenemnda våren 2021.
- Fredag 29. januar
- Måndag 22. februar
- Måndag 22. mars
- Måndag 26. april
- Onsdag 26. mai
- Mandag 21. juni