Eksempel på kor mykje ein lærar kan få sletta

Lånekassen har ulike ordningar for sletting av gjeld for lærarar. Dei har ulike vilkår og ulike søknadsfristar. Du kan kombinere ulike ordningar.

På denne sida finn du eksempel på beløp som kan slettast i dei enkelte ordningane og ved kombinasjonar av to eller fleire ordningar. Du må lese sidene under for å få fullstendig informasjon om ordningane. Ingen sletting skjer automatisk. Du må søke sjølv. Finn ut når og korleis du søker ved å klikke på lenkene under. I parentes ser du kva for kapittel i tilbakebetalingsforskrifta som omtalar ordninga.

Hugs - du sparar meir enn du får sletta

Hugs også at du slepp å betale renter på det beløpet du får sletta. Kor mykje du sparer, er avhengig av kor mykje du får sletta, kor høg renta er, og tida du bruker på nedbetalinga.

Eksempel 1 – heile Noreg

Er du ingeniør eller har ein mastergrad i realfag eller framandspråk, og deretter fullfører praktisk pedagogisk utdanning (PPU), kan du få sletta 50 000 kroner av studielånet.

  • Dette er sletting av gjeld etter kapittel 10 i forskrifta om tilbakebetaling. Dette må du søke om rett etter at du har fullført utdanninga.

Eksempel 2 – heile Noreg

Tar du femårig grunnskolelærarutdanning trinn 5-10 eller lektorutdanning 8-13 på normert tid, og arbeider som grunnskolelærar eller som lektor i vidaregåande opplæring kvar som helst i Noreg i tre av dei første seks åra etter at du har fullført utdanninga, kan du få sletta 51 000 kroner.

  • Dette er sletting av gjeld etter kapittel 11 i forskrifta om tilbakebetaling. Dette må du søke om rett etter at du har jobba i tre år som lærar.

Eksempel 3 – heile Noreg

Tar du femårig grunnskolelærarutdanning trinn 1-7 på normert tid, og arbeider som grunnskolelærar kvar som helst i Noreg i tre av dei første seks åra etter at du har fullført utdanninga, kan du få sletta 106 000 kroner.

  • Dette er sletting av gjeld etter kapittel 11 i forskrifta om tilbakebetaling. Dette må du søke om rett etter at du har jobba i tre år som lærar.

Eksempel 4 – heile Noreg

Tar du femårig grunnskolelærarutdanning trinn 1-7 på normert tid og har realfag eller framandspråk som ditt masteremne/spesialisering eller du har minst 60 studiepoeng i samisk eller kvensk språk som ein del av grunnskolelærarutdanninga, og du deretter jobbar som grunnskolelærer kvar som helst i Noreg i tre år, kan du få sletta til saman 156 000 kroner.

  • 50 000 kroner kan bli sletta etter kap. 10, og dette må du søke om rett etter at du har fullført utdanninga.
  • 106 000 kroner kan bli sletta etter kapittel 11, og dette må du søke om rett etter at du har jobba i tre år som lærar.

Eksempel 5 – Nord-Noreg utanfor tiltakssona*

Tar du femårig grunnskolelærarutdanning trinn 1-7 på normert tid, og deretter jobbar som grunnskolelærar i Nord-Noreg i tre år, kan du få sletta til saman 161 000 kroner. Utdanninga kan du ta kvar som helst i Noreg.

  • 106 000 kroner kan bli sletta på grunnlag av fullført grunnskolelærarutdanning på normert tid (kap. 11)
  • 55 000 kroner kan bli slettes på grunnlag av at du jobbar som lærar i Nordland, Troms eller Finnmark i oppteningsperioden (kap. 11)
  • Dette søker du om samla etter at oppteningsperioden er fullført.

Eksempel 6 – Finnmark og Nord-Troms (tiltakssona)*

Kombinerer du fleire ordningar, kan du få sletta 361 000 kroner i løpet av tre år. For å få maksimalt beløp, må du ta femårig grunnskolelærarutdanning trinn 1-7 på normert tid, ta realfag eller framandspråk som ditt masteremne/spesialisering eller ha minst 60 studiepoeng i samisk eller kvensk språk som ein del av utdanninga, og deretter jobbar som grunnskolelærar i Finnmark eller Nord-Troms i tre år. Fortset du å bu og jobbe som grunnskolelærar der, kan det bli sletta ytterlegare 50 000 kvart år. Utdanninga kan du ta kvar som helst i Noreg.

  • 50 000 kroner kan bli sletta etter kapittel 10, og dette må du søke om rett etter at du har fullført utdanninga.
  • 106 000 kroner kan bli sletta på grunnlag av fullført grunnskolelærarutdanning på normert tid. Dette søker du om etter at oppteningsperioden er fullført.
  • 55 000 kroner kan bli sletta på grunnlag av at du jobbar som lærar i Nordland, Troms eller Finnmark i oppteningsperioden (kap. 11). Dette søker du om etter at oppteningsperioden er fullført.
  • 150 000 kroner kan bli sletta (50 000 kroner x tre år) etter kapittel 9 fordi du jobbar som kvalifisert lærar i grunnskolen i tiltakssona. Dette søker du om kvart år etter fullført oppteningsperiode.

Forklaring til eksempla

Det er eit vilkår i alle eksempla at sjølve lånet ditt (utan renter) er minst så stort som beløpet du kan få sletta.

*) Med Nord-Noreg meiner vi fylkene Nordland, Troms og Finnmark. Med tiltakssona meiner vi alle kommunane i Finnmark og desse kommunane i Troms: Lyngen, Storfjord, Kåfjord, Skjervøy, Nordreisa, Kvænangen og Karlsøy.