Søknad om sletting av gjeld for grunnskolelærarar i Finnmark og Nord-Troms

Dette søker du om

Du søker om å få sletta inntil 20 000 kroner av studielånet ditt, fordi du arbeider som lærar i grunnskolen i Finnmark eller utvalde kommunar i Troms.

Dokumentasjon

Du treng ikkje å sende inn eigen dokumentasjon, men arbeidsgivaren din skal stadfeste i søknaden at du oppfyller krava.

Søknaden må sendast i posten

Søknaden må skrivast ut, fyllast ut og sendast i posten til

Lånekassen
Postboks 450 Alnabru
0614 Oslo

Behandlingstid

Søknader om sletting av gjeld blir behandla av ein saksbehandlar. Derfor må du rekne med litt ventetid før du får svar på søknaden. Per i dag er behandlingstida på 4-6 veker.

Last ned søknad