Søknad om tilleggsstipend ved nedsett funksjonsevne

Søk om vanleg lån og stipend først

Før du kan søke om tilleggsstipend ved nedsett funksjonsevne, må du først sende inn søknad om lån og stipend. Deretter kan du søke om tilleggsstipend for same periode.

Søknadsfrist

Søknadsfristen for tilleggsstipendet er siste dagen i perioden du søker lån og stipend for. Denne dagen finn du i vedtaksbrevet ditt på Dine sider.

  • Fristen for å søke om tilleggsstipend for heile studieåret 2023-2024 eller berre for vårsemesteret 2024 er for dei fleste 15. juni 2024.
  • Fristen for å søke om tilleggsstipend berre for haustsemesteret 2023 er for dei fleste 15. januar 2024.

Slik søker du

  1. Last ned og skriv ut søknaden - sjå nederst på sida.
  2. Fyll ut og skaff stempel og signatur frå legen din eller ein annan fagperson.
  3. Logg inn og vel sida Søk om stipend og lån i menyen.
  4. Last opp og send inn søknaden.

Behandlingstid

Saka blir behandla av ein saksbehandlar. Derfor må du rekne med litt tid før du får svar.

 

Søknad nedsett funksjonsevne
2023-2024