For deg som ikkje kan jobbe
Stipendet er på 4 572 kroner per månad, eller 50 292 kroner for eit heilt studieår dersom du har støtte i elleve månader. Studerer du på deltid, blir stipendet redusert ut frå kor mange studiepoeng du skal ta.
For å ha rett til stipendet må du vere i stand til å studere, men ikkje til å jobbe ved sida av studia. Dette fordi jobben i stor grad vil gå ut over studieprogresjonen din. Ein lege eller spesialist må bekrefte det i søknaden.
Du kan ikkje ha lønna arbeid
Du kan ikkje ha lønna arbeid i det heile tatt så lenge du får tilleggsstipendet. Vi gjer nokre unntak, til dømes dersom du får lønn for eit verv eller praksis i samband med studia, eller dersom du har frivillig ulønna arbeid.
Du kan òg få stipendet om du får stønad frå Nav, men dersom du har trygd eller formue over Lånekassen sine grenser, kan noko eller alt av stipendet bli gjort om til lån.
