Utdanningsstøtte til fagarbeidarar som tar vidareutdanning

Vi tilbyr eit lån som seinare kan bli gjort om til stipend til utvalde fagarbeidarar som tar utdanning. For å få det, må du ha fått ein e-post med tilbod.

Lånet blir stipend dersom du består

62 000 personar får tilbod om eit lån på inntil 50 000 kroner kommande studieår, som er hausten 2022 - våren 2023. Lånet blir gjort om til stipend etter at du har bestått utdanninga.

Fagarbeidarar kan få eit ekstra lån frå Lånekassen

Tar du utdanning neste studieår, kan du få ekstra lån for fagarbeidarar

Kvifor får eg denne informasjonen?

Har du fått tilsendt ein e-post med informasjon om vidareutdanning, er det fordi du er plukka ut som éin av 62 000 personar i eit forsøk i regi av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse. Forsøket undersøker om økonomi og informasjon om utdanningsmoglegheiter og karriererettleiing har betydning for fagarbeidarar sitt val av vidareutdanning. Derfor får du eit tilbod om eit lån som kan bli stipend.

Statistisk sentralbyrå (SSB) har trekt ut fagarbeidarar til forsøket, basert på utdanningsstatistikken, og forskarar frå Fafo og Frischsenteret vil evaluere resultata. Sjølv om du ikkje begynner på vidareutdanning no, kan du bli kontakta av forskarane seinare. Dersom du har spørsmål om sjølve forsøket eller gjennomføringa av det, sjå Kompetanse Norge sine nettsider.

Kva utdanningar kan eg ta?

For å få lånet på inntil 50 000 kroner, må du ta yrkesfagleg vidaregåande opplæring, fagskoleutdanning eller høgare utdanning i Norge i studieåret 2022-2023. Utdanninga må vere godkjend for støtte frå Lånekassen, og du må søke om å få innvilga lånet.

Kva kan eg få frå Lånekassen?

Du kan få eit lån som kan bli gjort om til stipend dersom du består eksamen. Lånet er på inntil 25 000 kroner per semester, og det kjem i tillegg til vanleg lån og stipend frå Lånekassen. Du kan velje å søke om vanleg lån og stipend i tillegg til lånet på inntil 25 000 kroner per semester. Det gjer du i den same søknaden om lån og stipend.

Kor mykje du kan få er avhengig av kor lang utdanninga di er, altså om den går over heile studieåret (august-juni) eller kortare. Om du tek utdanninga på fulltid eller deltid har også betydning. Studerer du på deltid, blir lånet redusert i forhold til deltidsprosenten din. Det vil seie at om du for eksempel studerer 50 prosent, kan du maksimalt få 50 prosent av støtta.

Lånet kan ikkje bli gjort om til foreldrestipend dersom du får barn.

Får du tilbod om å vere med i forsøket i studieåret 2022-2023, vil du få tilbod om lån for fagarbeidarar i dette studieåret, og ikkje seinare. Du kan altså berre få dette lånet i eitt år. Du kan likevel framleis søke om vanleg lån og stipend, også etter studieåret 2022-2023, dersom du begynner på ei fleirårig utdanning.

Du må oppfylle dei generelle reglane for å ha rett til lån og stipend frå Lånekassen for å få både vanleg støtte og den ekstra støtta gjennom denne forsøksordninga. Det inneber blant anna at du ikkje kan vere meir enn eitt år forseinka frå tidlegare utdanning, og at du ikkje kan ha mislighalde tidlegare studielån.

Kva skal til for å få lånet?

For å få lånet gjort om til stipend, må du bestå eksamen. Består du berre delar av utdanninga di, får du gjort om ein mindre del av lånet til stipend. Fristen for å bestå utdanninga er inntil fire år fram i tid.

Stipendet for fagarbeidarar blir ikkje behovsprøvd mot inntekt og formue slik det vanlege utdanningsstipendet blir. Det betyr at  ekstra lån for fagarbeidarar som er gjort om til stipend,  fortset å vere stipend uansett kor mykje du tener eller kor stor formue du har.

Generelle ordningar for lån og stipend
Generelle vilkår for lån og stipend

Før du begynner på vidareutdanning

I januar 2022 sender Lånekassen og Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir) ut informasjonen om forskingsprosjektet og moglegheita for å vidareutdanne seg  til utvalde fagarbeidarar.

Dette er fristen for å søke om skoleplass på vidaregåande skole, dersom du planlegg utdanning på vidaregåande nivå.

Dette er fristen for å søke studieplass til høgare utdanning, og dei fleste fagskoleutdanningar. Ver oppmerksam på at nokre fagskoleutdanningar har andre søknadsfristar. Les meir om søknadsfristar på utdanning.no.

Lånekassen sender tilbod om lån for fagarbeidarar i ein eigen e-post. Bruk lenka i e-posten til å søke om stipend og lån. Det er ein fordel å søke så fort du kan etter du har fått tilbodet, for å sikre at søknaden din blir behandla så tidleg som mogleg.

E-posten inneheld også eit skjema du må fylle ut og sende inn med søknaden. Det må du gjere for å få lånet Dersom du ønsker det, kan du søke om vanleg lån og stipend i same søknad.

Når søknaden din blir godkjend, får du meir informasjon om utbetaling og status for omgjering til stipend når du loggar inn på Dine sider.

Undervegs i utdanninga

Dette føreset at søknaden din er ferdig behandla, og at dei andre vilkåra for utbetaling er oppfylte. Vilkåra er at du er meld opp til eksamen, har signert avtalen om støtte og at skolen din har meld frå at du har møtt opp til undervisning (eventuelt har betalt semesteravgift).

Lån og stipend blir utbetalt den 15. kvar månad etter den første utbetalinga.

Den same fristen gjeld deg som berre skal søke om ekstra støtte til fagarbeidarar.

Den same fristen gjeld deg som berre skal søke om ekstra støtte til fagarbeidarar.

Du får årets siste utbetaling 15. mai dersom du berre har søkt om den lån for fagarbeidarar, eller dersom du tar utdanning på vidaregåande nivå

Du får årets siste utbetaling  15. juni dersom du tar fagskoleutdanning eller høgare utdanning, og har fått vanleg støtte i tillegg til ordninga for fagarbeidarar.

Etter utdanninga

Lånekassen får informasjon om du har bestått eksamen. Du treng ikkje å sende inn noko sjølv for å bekrefte at du har bestått, vi får informasjonen direkte frå skolen din.

Dersom du har bestått, gjer vi om lånet ditt til stipend. Du får eit vedtaksbrev frå oss når vi har gjort om lånet, og dette får du beskjed om på e-post.

Du får ein betalingsplan med informasjon om tilbakebetaling av studielånet ditt dersom du har tatt opp vanleg lån i tillegg, eller om du ikkje fekk gjort om alt til stipend.

Har du tatt opp vanleg lån i tillegg til lån for fagarbeidarar, blir delar av det vanlege lånet gjort om til stipend. Les om vilkåra du må oppfylle for å få omgjering.

Regelverk