EØS- og EFTA-borgar

Er du statsborgar i eit EØS- eller EFTA-land, eller er familiemedlem til ein EØS-borgar, har du nokre fleire moglegheiter til å få lån og stipend frå Lånekassen enn andre utanlandske statsborgarar.

Du må oppfylle eit av desse vilkåra:

  • ha varig opphaldsrett
  • vere arbeidstakar frå EØS- eller EFTA-land
  • vere familiemedlem til EØS- eller EFTA-arbeidstakar

Lån og stipend til utdanning i Noreg

Oppfyller du visse krav, kan du få lån og stipend frå Lånekassen sjølv om du er utanlandsk statsborgar.

Er du utanlandsk statsborgar med lovleg opphald i Noreg og tar utdanning her, kan du få lån eller stipend frå Lånekassen om du oppfyller eitt av vilkåra nedanfor.

Varig opphaldsrett i Noreg

Du er EØS-borgar med varig opphaldsrett i Noreg. Varig opphaldsrett er ein eigen rett du kan oppnå først etter minst fem års opphald i Noreg. Les meir om varig opphaldsrett på UDIs nettsider.

Dokumentasjonskrav

Har du varig opphaldsbevis/opphaldskort, må du sende inn kopi av dette. Registreringsbevis for EØS-borgarar er ikkje det same som varig opphaldsbevis/opphaldskort.  

Er du EØS-borgar og ikkje har varig opphaldsbevis, må du sende inn dokumentasjon som viser

  • at du har hatt samanhengande lovleg opphald i Noreg i fem år. Det vil seie dokumentasjon som viser at du har vore arbeidstakar, sjølvstendig næringsdrivande, tenesteytar, student, eller har budd her med tilstrekkeleg midlar.

Er du EØS-borgar og søker om støtte på grunnlag av varig opphaldsrett som familiemedlem til EØS-borgar, må du sende inn dokumentasjon som viser at både du og EØS-borgaren du er i familie med, har hatt samanhengande lovleg opphald i Noreg i fem år.

Er du ikkje EØS-borgar og søker om støtte på grunnlag av varig opphaldsrett som familiemedlem til EØS-borgar, må du sende inn dokumentasjon som viser at

  • EØS-borgaren du er i familie med har hatt samanhengande lovleg opphald i Noreg i fem år. Det vil seie dokumentasjon som viser at du har vore arbeidstakar, sjølvstendig næringsdrivande, tenesteytar, student, eller har budd her med tilstrekkeleg midlar.
  • du har hatt lovleg opphald i den same perioden som EØS-borgaren, og at du har budd saman med EØS-borgaren i denne perioden.

Nordiske EØS-borgarar må også dokumentere at dei har varig opphald i Noreg etter desse reglane.

Vi sjekkar i Folkeregisteret om du er registrert som busett i Noreg.

EØS- eller EFTA-arbeidstakar

Du er statsborgar frå eit EØS- eller EFTA-land og har status som arbeidstakar i Noreg. Du må oppfylle eitt av desse vilkåra:

  • Du fortset å arbeide (minst 10–12 timer per veke) medan du er i utdanning.
  • Du sluttar å arbeide for å ta ei utdanning, og det er ein fagleg samanheng mellom arbeidet du har hatt i Noreg, og den utdanninga du søker om støtte til. Dersom du i løpet av dei siste seks månadene før du startar utdanninga, har blitt ufrivillig arbeidsledig og vore registrert som det hos Nav i heile perioden, kan kravet om fagleg samanheng falle bort.

Dokumentasjonskrav

Skal du fortsette i arbeid samtidig som du skal vere i utdanning, må du sende inn

  • stadfesting (attest) frå arbeidsgivar som viser stillingsprosenten din eller kor mange timar du jobbar per veke/månad i perioden du er i utdanning. Det må være opplyst om du har fast eller midlertidig stilling. Dersom du har ei midlertidig stilling, må arbeidsgivar oppgi sluttdato. Stadfestinga må vere signert av arbeidsgivar og vere skriven på offisielt brevpapir eller ha arbeidsgivar sitt stempel.

Har du slutta å arbeide og gått over i utdanning må du sende inn

  • stadfesting (attest) frå din(e) norske arbeidsgivar(ar) som viser perioden(ane) du har arbeida i Noreg, kva arbeidet bestod i, og stillingsprosenten du har hatt. Stadfestinga må vere signert av arbeidsgivar og vere skriven på offisielt brevpapir eller ha arbeidsgivar sitt stempel. Arbeidskontrakt er ikkje tilstrekkeleg.
  • dokumentasjon frå lærestaden som viser kva for utdanning du skal ta.

Barn av EØS- eller EFTA-arbeidstakar eller arbeidstakarens ektefelle

Du kan ha rett til lån og stipend til å ta utdanning i Noreg eller i utlandet dersom du er barn eller barnebarn av EØS- eller EFTA-arbeidstakar, eller av ein som er gift med ein EØS- eller EFTA-arbeidstakar. I tillegg må du oppfylle minst eitt av desse to vilkåra:

  • vere under 21 år
  • vere forsørga av arbeidstakaren eller arbeidstakarens ektefelle

Merk at du vil miste retten til støtte etter punkta over dersom EØS- eller EFTA-arbeidstakaren ikkje lenger har status som arbeidstakar i Noreg.

Du kan også få lån og stipend dersom du bur i Noreg og er barn av ein EØS-/EFTA-arbeidstakar eller av ein som er gift med arbeidstakaren. Du må enten bu saman med arbeidstakaren, eller ha budd saman med arbeidstakaren medan han eller ho blei rekna som arbeidstakar i Noreg. Du kan berre få lån og stipend til å ta utdanning i Noreg på dette grunnlaget.

Dokumentasjonskrav

Du må sende inn

  • dokumentasjon som viser at éin av foreldra dine er eller har vore arbeidstakar i Noreg, for eksempel stadfesting frå arbeidsgivar. Arbeidskontrakt er ikkje tilstrekkeleg dokumentasjon.

Er foreldra dine frå eit land utanfor Norden, må du i tillegg sende inn

  • kopi av registreringsbevis for éin av foreldra dine
  • kopi av noverande opphaldsløyve eller registreringsbevis for deg

Foreldre eller besteforeldre av EØS- eller EFTA-arbeidstakar eller arbeidstakarens ektefelle

Merk at du vil miste retten til støtte dersom EØS- eller EFTA-arbeidstakaren ikkje lenger har status som arbeidstakar i Noreg.

Dokumentasjonskrav

Er barnet nordisk statsborgar, må du sende inn

  • stadfesting som viser at han/ho har arbeid i Noreg, for eksempel stadfesting frå arbeidsgivar. Arbeidskontrakt er ikkje tilstrekkeleg dokumentasjon.

Er barnet statsborgar frå eit land utanfor Norden, må du sende inn

  • kopi av noverande arbeidsløyve eller registreringsbevis for han/henne
  • stadfesting som viser at han/ho har arbeid i Noreg, for eksempel stadfesting frå arbeidsgivar. Arbeidskontrakt er ikkje tilstrekkeleg dokumentasjon.

Er du sjølv frå eit land utanfor Norden, må du i tillegg sende inn

  • kopi av noverande opphaldsløyve eller registreringsbevis for deg

Gift, eller sambuar med felles barn, med ein EØS- eller EFTA-arbeidstakar i Noreg

Merk at du vil miste retten til støtte dersom EØS- eller EFTA-arbeidstakaren ikkje lenger har status som arbeidstakar i Noreg.

Dokumentasjonskrav

Du må sende inn

  • dokumentasjon som viser at ektefellen/sambuaren din har arbeid i Noreg, for eksempel stadfesting frå arbeidsgivar. Arbeidskontrakt er ikkje tilstrekkeleg dokumentasjon.

Dersom ektefellen/sambuaren din kjem frå eit land utanfor Norden, må du i tillegg sende inn

  • kopi av registreringsbevis for ektefellen/sambuaren din
  • kopi av noverande opphaldsløyve eller registreringsbevis for deg

Statsborgarar frå Storbritannia

I ein overgangsperiode som gjeld ut 2020, skal Storbritannia bli behandla som om de framleis var medlem av EU og EØS. Er du statsborgar frå Storbritannia, har du rett til lån og stipend frå Lånekassen dersom du hadde rett til opphald i Noreg i samsvar med EØS-avtalen før utløpet av overgangsperioden (31.12.2020). Du må også ha opphalde deg i Noreg.

Kom du til Noreg frå og med 1. januar 2021, kan du søke lån og stipend etter dei same vilkåra som borgarar frå land utanfor EU/EØS. Dei same reglene gjeld for familiemedlemane dine.

Oppfyller du ikkje vilkåra?

Sjølv om du ikkje oppfyller nokre av dei spesifikke reglane for EØS eller EFTA-borgarar, kan du framleis ha rett til støtte om du oppfyller dei generelle krava til utanlandske statsborgarar

 

Les meir om støtte til utanlandske statsborgarar

Skal du ta utdanning i utlandet eller nettstudium?

For nokre utdanningar er det strengare krav for å få lån og stipend frå Lånekassen. Til dømes er det eit ekstra krav om tilknytning til Noreg viss du skal ta utdanning i utlandet eller nettstudium i Noreg.