Saksgangen i klagesaker

Det er forvaltningslova og utdanningsstøttelova som regulerer kven som kan klage på eit vedtak. Er du part i saka eller på annan måte har rettsleg klageinteresse i vedtaket som er fatta, har du rett til å klage på vedtaket.

Klagefrist

Du må klage innan tre veker etter at meldinga om vedtaket er komme fram til deg.

Kva kan du klage på?

Du kan ikkje klage på forskriftene, berre på bruken av dei. For eksempel kan du ikkje klage til Lånekassens klagdenemnd på brott på saksbehandlingsreglar, med mindre du meiner behandlingsmåten har hatt innverknad på resultatet. Du kan heller ikkje klage på innhaldet i regelverket.

Etter utdanningsstøtteloven har klagenemnda berre opning til å behandle klagar som angår enkeltvedtak om utdanningsstøtte og enkeltvedtak etter reglane om tilbakebetaling. Klagenemnda kan også behandle klagar over vedtak om tilskott til dekning av skolepengar til elevar ved utanlandske eller internasjonale vidaregåande skolar.

Korleis går eg fram?

Dersom Lånekassen har fatta eit vedtak som du er misnøgd med og som du meiner er galt i forhold til gjeldande regelverk, kan du sende inn skriftleg klage til Lånekassen.

Ein skriftleg klage må vere underskriven av deg, din verje eller fullmektigen din. Du kan også sende inn klage med e-post frå Dine sider. Klagar som inneheldt særlege kategoriar av opplysningar (sensitive opplysningar), slik som opplysningar om helse eller straffbare forhold (t.d. soning), må du sende til oss per post.

Det er ikkje nødvendig at du grunngir klagen din, men du må vise til kva vedtak du klagar på og kva endring du ønsker.

Sjølv om det ikkje er eit krav at du grunngir klagen din, er det ein fordel for deg at klagenemnda får synspunkta dine på kvifor du meiner vedtaket er feil. Du bør ta med alle argumenta du meiner er relevante for saka. Alt som du har sendt inn og som har tilknyting til klagesaka, blir lagt ved saka.

Kva skjer vidare?

Når du har sendt inn ein klage, vil Lånekassen sjå på saka di ein gong til. Det er Lånekassen som i første omgang behandlar klagen.

Etter denne behandlinga kan utfallet bli eitt av to: enten gjer Lånekassen om på vedtaket eller opprettheldt vedtaket. Blir vedtaket omgjort, får du eit nytt vedtak med melding om kvifor det tidlegare vedtaket er gjort om.

Dersom vedtaket som er klaga blir oppretthalde, skal Lånekassen sende klagen vidare til klagenemnda. I nokre tilfelle kan Lånekassen vurdere at det er hensiktsmessig å gi deg ei meir utfyllande orientering om innhaldet i vedtaket. Lånekassen vil då sende deg eit brev med nærare grunngjeving på kvifor vedtaket blir oppretthaldt. Dersom du etter denne orienteringa likevel vil ha saka lagt fram for klagenemnda, må du ta kontakt med Lånekassen og gi beskjed om det. Lånekassen vil då så snart som mogleg sette den opp for klagenemndsbehandling.

Lånekassen lagar eit saksoppsett med vedlegg som blir sendt til klagenemndssekretariatet, som sender saka vidare til klagenemnda.

Kva skjer i klagenemnda?

Klagenemnda behandlar saker cirka ein gong månaden. Nemnda sin kompetanse er regulert i utdanningsstøttelova og utfyllande reglar i forvaltingslova.

Klagenemnda kan undersøke og uttale seg om alle sider av saka. Dette betyr blant anna at dei kan undersøke om Lånekassen har lagt riktige faktum til grunn for vedtaket, om forskriftene er riktig tolka og om Lånekassens skjønnsmessige vurderingar har vore forsvarlege.

Når klagesaka blir lagd fram for klagenemnda, undersøker nemnda om vilkåra for å behandle klagen er oppfylt. Dersom vilkåra ikkje er oppfylt, skal nemnda avvise saka. Nemnda tar då ikkje stilling til innhaldet i saka.

Avgjerda til klagenemnda er endeleg og kan ikkje klagast vidare. Dersom du likevel meiner det heftar feil ved vedtaket til nemnda, kan du klage til Sivilombudsmannen.