Klage

Dersom du meiner at Lånekassen har gjort eit vedtak som er feil, kan du klage på vedtaket. Du må klage innan tre veker etter du fekk vedtaket.

Å klage betyr at du er ueinig i det vedtaket Lånekassen har gjort, og krev eit anna resultat. Klagen må vere skriftleg.

Kven kan klage?

Det er som hovudregel berre du som kan klage på eit vedtak som gjeld deg. Ønsker du at andre skal klage for deg, må du gi ei fullmakt til dette. Bruker du ein advokat, treng du ikkje gi fullmakt i tillegg. Dersom du er under 18 år, kan forelderen eller verje klage for deg.

Dette kan du klage på

Du kan klage på det som blir kalla eit enkeltvedtak. Dersom du søker om noko, for eksempel stipend og lån, gjer Lånekassen eit enkeltvedtak. Enkeltvedtaket er altså det svaret du får på søknaden din. Dersom du er ueinig i dette vedtaket/svaret, kan du klage.

Du kan ikkje klage på det regelverket som gjeld for Lånekassen. Dette reglementet blir fastsett av Kunnskapsdepartementet.

Slik sender du ein klage

Du må klage skriftleg. For å sende klagen må du logge inn på lanekassen.no, velje kategorien "Finn svar eller send e-post" i menyen, og sende e-post frå denne sida.

Du må skrive kva vedtak du klagar på, og forklare kva du meiner er feil. Det er ikkje eit krav at du grunngir klagen din, men det er ein fordel at du gjer det. Dersom du skal sende dokumentasjon saman med klagen, må du velje "Send inn dokumentasjon" i menyen etter du har sendt e-post med klagen din.

Du kan også sende klagen som eit brev. Då er det viktig at du skriv anten kundenummeret ditt eller fødselsnummeret ditt (11 siffer) i brevet. Du må også signere brevet.

Når bør du legge ved dokumentasjon?

Det er ikkje eit krav at du legg ved dokumentasjon når du klagar. Men dersom du har opplysningar du meiner er viktige for saka di, bør du sende desse saman med klagen din.

Nokre eksempel på dokumentasjon som kan vere viktige for saka di:

  • legeattestar
  • lønnsslippar
  • vitnemål
  • dokumentasjon på ytingar frå Nav

Dette skjer når du klagar

Når du sender inn klagen, vil ein saksbehandlar sjå på saka di på nytt. Du får eit skriftleg svar med ei grunngiving når saksbehandlaren har ferdigbehandla saka di.

Dersom du ikkje får medhald, kan du velje å klage saka vidare. Du må gi Lånekassen skriftleg melding om at du ønsker å oppretthalde klagen, innan tre veker etter at du er kjend med resultatet. Saka di vil då bli sendt til klagenemnda.

Halde klage ved lag - sak hos klagenemnda

Dersom du vel å klage vidare, blir saka di send til klagenemnda.

Klagenemnda får alle dokumenta i saka.

Klagenemnda er oppnemnd av Kunnskapsdepartementet og har blant anna representantar frå elev- og studentorganisasjonane. Nemnda møtest om lag ein gong i månaden. Det kan ta litt tid før saka di blir behandla i nemnda.

Avgjerdene i klagenemnda er endelege. Du kan ikkje klage vidare etter dette. Dersom du framleis meiner at vedtaket er feil, kan du vende deg til Sivilombudsmannen.