Om Lånekassen

Vi gir alle like moglegheiter til å ta utdanning. I over 75 år har Lånekassen vore ein bærebjelke for samfunnet – det skal vi også vere i framtida.

Vi gjer utdanning mogeleg

Statens lånekasse for utdanning blei etablert i 1947 som eit verkemiddel for å gjere høgare utdanning tilgjengeleg for alle samfunnslag.

Direktorat som er ein del av velferdsstaten

Å gi alle like moglegheiter til å ta utdanning uavhengig av bakgrunn, er eit samfunnsoppdrag som motiverer oss, og som vi er stolte av!

Lånekassen er ein viktig del av velferdsstaten. Vi gir stipend og lån til elevar i vidaregåande, fagskolestudentar, studentar i høgere utdanning, og vaksne som har behov for etter- og vidareutdanning. Vi har også ulike betalingsletter om einhar rett til, og behov for det.

Lånekassen skal også gi råd til politikarar om formålseffektiviteten av våre ordningar.

Lånekassens samfunnsoppdrag 

Vårt samfunnsoppdrag er å forvalte utdanningsstøtteordningane som er fastsette av Stortinget, slik at de bidrar til

  • like moglegheiter til utdanning uavhengig av geografiske forhold, alder, kjønn, funksjonsdyktigheit, økonomiske og sosiale forhold
  • å sikre samfunnet og arbeidslivet tilgang på kompetanse
  • at utdanninga skjer under tilfredsstillande arbeidsforhold, slik at studiearbeidet kan bli effektivt

Moderne masseforvaltning

Lånekassen har 1,2 millioner kundar, og nesten 90 prosent av søknadene om lån, stipend og tilbakebetaling blir behandla automatisk gjennom våre saksbehandlingssystem. Vi har løftet vårt interne administrasjonssystem opp i skya, og våre vel 400 tilsette bruker Microsoft365 i sin arbeidskvardag.

Organisasjonen

Vi jobbar frå hovudkontoret i Oslo og fra kontora i Stavanger, Trondheim og Ørsta.

Vår IT-avdeling er lokalisert i Oslo og Trondheim, i tillegg til heimekollegaer spreidd over heile landet.

Vi er organisert i følgande avdelingar og stabar:

  • Stab for styring og økonomi
  • HR- og administrasjonsstab
  • Kommunikasjonsstab
  • Saksbehandlingsavdeling
  • Utdanningsstøtteavdeling
  • IT-avdeling
Lånekassen sin strategi
PDF
Jobb i Lånekassen
Rammevilkår frå Kunnskaps-departementet
Leiinga
Klagenemnda
Personvernombodet
Årsrapportar