Siste frist for å søke straumstipend frå Lånekassen

Publisert: 13.06.2022
Onsdag 15. juni er siste frist for å søke om straumstipend frå Lånekassen. Stipendet er ei eingongsutbetaling på 3 000 kroner.

230 300 studentar fekk i starten av februar e-post om at dei kunne få eit straumstipend frå Lånekassen på 3 000 kroner, dersom dei betaler straum i tillegg til husleiga.

120 400 studentar har så langt søkt om og fått straumstipend, og Lånekassen har til saman utbetalt 361 millionar kroner. Fristen for å søke er 15. juni.

– Litt over halvparten av alle som har fått tilbod om å søke om straumstipendet, har gjort det. Dette kan verke lite, men mange har straum inkludert i husleiga og har dermed ikkje rett på dette stipendet. Sidan det har vore mogleg å søke om straumstipend sidan februar i år, er det grunn til å tru at dei aller fleste som kan få det, har søkt allereie, seier Morten Rosenkvist, administrerande direktør i Lånekassen.

Straumstipendet er for studentar og elevar over 18 år som betaler straum i vårsemesteret 2022 og som får lån og stipend frå Lånekassen i same periode.

Les meir om straumstipendet på nettsidene til Lånekassen her.