Har du fått di første rekning frå Lånekassen?

Publisert; 11.02.2021
I februar skal mange betale si aller første rekning til Lånekassen. Dersom du har problem med å betale, kan du søke om betalingsutsetting. Her er Lånekassens tips om nedbetaling av studielån.

Når du er ferdig med utdanninga di, skal du begynne å betale på studielånet. Det er ein betalingsfri periode på omtrent sju månader før du skal betale første rekning.

– Det er slik at du skal begynne å betale ned på lånet når du sluttar å få støtte frå Lånekassen til ei fulltidsutdanning. Vi ser at ein del kundar misforstår dette, og trur dei ikkje skal betale dersom dei går over til å studere på deltid eller tar ein pause frå utdanninga, men det stemmer altså ikkje, seier Anette Bjerke, kommunikasjonsdirektør i Lånekassen.

Bilde av mobil med teksten "Dette skjer når du skal begynne å betale på lånet"

Var du bortebuar, bestod utdanning og hadde inntekt og formue under grensene medan du fekk studiestøtte, får du gjort om delar av lånet til stipend. For dei fleste skjer omgjeringa for det siste semesteret med lån først sommaren året etter det siste lånet ble utbetalt. Årsaka er at Lånekassen ventar på informasjon om årsinntekta di frå Skatteetaten. Du må begynne å betale på lånet sjølv om du ikkje har fått omgjering, gjelda vil automatisk bli justert ned når omgjeringa til stipend er gjennomført.

Du kan søke om betalingsutsetting

Koronapandemien gjer at fleire enn vanleg står utan jobb og dermed kan ha problem med å betale rekninga frå Lånekassen.

– Dersom du ikkje kan betale rekninga, kan du enkelt søke om betalingsutsetting. Då slepp du å betale rekninga no, men den totale nedbetalingstida blir lengre og det lir lagt til renter, seier Bjerke.

Alle kundar har rett til å utsette rekninga 36 gonger, og det er ingen bestemte vilkår som må oppfyllast for å få betalingsutsetting. I samband med koronapandemien fekk Lånekassens kundar rett til ekstra betalingsutsettingar i tillegg til dei 36 frå mars til desember 2020. Regjeringa har foreslått at ordninga med utvida tilgang på betalingsutsettingar blir vidareført til 1. juli 2021. Det er viktig å vere oppmerksam på at betalingsutsetting fører til at nedbetalingstida blir lengre og at du samla må betale meir renter enn om du ikkje utset betalinga.


Held oversikt på nett

Du heldt deg oppdatert på lanekassen.no. På Dine sider kan du sjølv administrere lånet ditt og halde oversikt.

  • Vel mellom fast og flytande rente: Studielånet er rentefritt så lenge du får støtte frå Lånekassen til fulltidsutdanning, men etter det begynner blir det lagt til renter. Du får automatisk flytande rente, men du kan velje å søke om fastrente for 3, 5 eller 10 år annankvar månad. 680 800 av Lånekassens kundar har flytande rente på studielånet sitt, medan 45 300 har fast rente. Dersom du ønsker å binde renta frå 1. mars, kan du gjere det i perioden 10.-17. februar.
  • Vel elektronisk betaling: 98 prosent av tilbakebetalarane betaler studielånet med e-faktura eller avtalegiro. Du kan velje betalingsmåte når du får nedbetalingsplanen frå Lånekassen, som er cirka fem månader etter siste utbetaling. Du kan også endre forfallsdato. Du får automatisk den 15. som betalingsdato, men du kan sjølv endre til den 5. eller 25. i månaden, om det passar betre for deg.
  • Kan du ikkje betale? Da kan du enkelt søke om betalingsutsetting. Betalingsutsetting betyr at du slepp å betale rekninga no, men at nedbetalingstida blir lengre. Utset du betalinga, må du betale meir renter samla sett enn om du ikkje utset.
  • Er du arbeidsledig, får du arbeidsavklaringspengar eller er du sjukmeld? Lånekassen kan slette renter på lånet ditt for ein periode dersom du har hatt låg inntekt og vore i ein situasjon som gir rett til sletting av renter.
  • Ønsker du å betale ned raskare? Då kan du justere nedbetalingsplanen din. Lånekassen begynner å legge til renter på lånet ditt frå dagen etter at støtteperioden din har gått ut. Ønsker du å starte nedbetaling av studielånet med ein gong du er ferdig med utdanninga, kan du bestille ein betalingsplan.
Kommunikasjonsdirektør Anette Bjerke. Foto.
Anette Bjerke
Kommunikasjonsdirektør i Lånekassen