Fleire studentar reiser på utveksling

Publisert: 14.06.2024
Fleire norske studentar tar eit semester eller eit år i utlandet no enn før pandemien. Samtidig minkar antalet studentar som tar heile graden sin utanlands.

8 500 norske studentar er på utveksling dette studieåret, det vil seie at dei tar eit semester eller eit år utanlands. Det er omtrent det same som i fjor, då rekordmange nordmenn var på utveksling. Antalet utvekslingsstudentar auka over fleire år, før det naturleg nok fall i koronaåra. No tar fleire enn før pandemien eit kortare studieopphald i utlandet.

– Utanlandsutdanning gir verdifulle erfaringar. Moglegheiter til å bli kjent med nye kulturar, få relasjonar på tvers av landegrensene, og fagleg og personleg utvikling er nokre av dei positive erfaringane, seier Kjetil Moen, direktør i Lånekassen.

Færre startar på ein heil grad i utlandet

Totalt får 22 000 studentar støtte frå Lånekassen til utdanning i utlandet dette studieåret. Det er 400 færre enn i fjor, og det lågaste antalet norske studentar i utlandet sidan 2010-2011, bortsett frå i koronaåra. På det meste, i 2015–2016, studerte 25 400 nordmenn utanlands.

Antalet som tar ein heil grad i utlandet, har gått nedover sidan toppen for snart ti år sidan. 13 500 studentar får i år støtte til gradsutdanning i utlandet, som er 300 færre enn i fjor og det lågaste sidan 2009–2010. På det meste, i 2014–2015 og 2015–2016, fekk 17 500 norske studentar støtte frå Lånekassen til å ta ein heil grad i utlandet.

– Vi merkar oss at færre tar heile graden sin i utlandet, og også at færre startar på ein grad i utlandet. Det kan vere fleire grunnar til det. Pandemi, utbrott av nye krigar og aukande uro og uvisse i verda, og svakare norsk krone, kan vere forhold som påverkar studentane når dei skal ta sine utdanningsval. Kanskje bidrar desse forholda til at det kjennest mindre forutsigbart å velje ei lengre utdanning i utlandet, seier Moen.

Færre studerer i Storbritannia

Storbritannia er framleis det mest populære landet for norske utanlandsstudentar, sjølv om færre studerer der no enn for nokre år sidan. 2 900 studentar får støtte til utdanning i Storbritannia i år, mot 3 300 i fjor. For ti år sidan studerte 5 800 nordmenn i Storbritannia.

Danmark er tradisjonelt også populært, og er landet med nest flest norske utanlandsstudentar. 2 300 nordmenn studerer i Danmark i år, som er nokre færre enn året før. På plassane etter følger USA, Australia og Polen.

– Australia er også ein favoritt blant norske studentar, og er no tilbake på same nivå som før pandemien. 2 000 nordmenn studerer i Australia, 1 300 av dei er på utveksling.

Får ekstra stipend for å reise til strategisk viktige land

Frå hausten 2022 har norske studentar fått eit ekstra stipend dersom dei vel å reise på utveksling til Brasil, India, Kina, Japan, Sør-Korea eller Sør-Afrika. For studieåret 2023–2024 er dette stipendet på 2 675 kroner i månaden.

– Stipendet er innført for å stimulere fleire til å studere i land som Noreg har definert som strategisk viktige samarbeidsland. Frå neste haust er beløpet auka til 4 277 kroner, og ordninga blir utvida også til å gjelde studentar som vel å ta ein heil grad i desse landa, fortel Moen.

Lenke:
Utdanningsstøtta 2024 (Lånekassens nøkkeltal for studieåret 2023–2024)