Rekordmange norske studentar på utveksling i utlandet

Publisert: 09.06.2023
Aldri før har det vore så mange norske utvekslingsstudentar i utlandet som no, men færre tar heile graden sin i utlandet.

Antalet norske studentar i utlandet fekk eit betydeleg fall med koronapandemien. Men no er tala på veg opp igjen:

Studieåret 2022–2023 får 22 400 norske studentar lån og stipend frå Lånekassen til utdanning i utlandet. 13 800 av dei er gradsstudentar, det vil seie at dei tar heile graden sin utanlands, medan 8 600 er på utveksling, det betyr at studentane tar eitt eller to semester i utlandet. Aldri før har så mange vore på utveksling, det nærmaste er 8 300 i studieåret 2019–2020. Antalet gradsstudentar er likevel lågare enn før pandemien, og i toppåret 2014–2015 tok 17 500 studentar heile graden i utlandet.

– Det er gledeleg å sjå at norske studentar igjen vel å ta utdanning i utlandet. Utanlandsutdanning gir verdifull erfaring, og blir ofte sett på som attraktivt av framtidige arbeidsgivarar. Personleg og fagleg utvikling, moglegheita til å lære ein ny kultur å kjenne og det å skaffe seg relasjonar på tvers av landegrensene, er noko av det utanlandsstudentane tar med seg heim, seier Kjetil Moen, administrerande direktør i Lånekassen.

Antalet norske studentar totalt i utlandet er cirka 3 000 færre dette studieåret enn i 2015–2016, då 25 400 nordmenn studerte utanlands.

Færre reiser til favoritten Storbritannia, medan Australia aukar

Storbritannia har i ei årrekke vore det mest populære landet for norske utanlandsstudentar, og slik er det også i år, men antalet norske studentar i Storbritannia har gått ned dei siste åra. I 2022–2023 studerer 3 300 nordmenn i Storbritannia, mot 5 500 for ti år sidan.
Danmark er også eit populært studieland for norske studentar, og 2 500 nordmenn får støtte frå Lånekassen til utdanning i Danmark i 2022–2023. Også USA og Australia er høgt på lista.

– Australia var i ei årrekke eitt av dei mest populære landa blant norske studentar, men fekk eit brått fall i antal norske studentar som følge av koronarestriksjonar. I år studerer eit stort antal norske studentar der – 1 800 mot 400 året før. I åra før pandemien var det rundt 2 000 norske studentar i Australia kvart år, seier Moen.

Medisin, business og teknologi på topp

Medisin har vore den mest populære utdanninga for norske gradsstudentar i fleire år, følgd av økonomi/business. 3 000 nordmenn studerer medisin i utlandet i 2022–2023 – som er på same nivå som dei siste åra. 2 600 norske gradsstudentar tar økonomi/business, som også er på same nivå som dei føregåande åra.

Den mest populære fagretninga blant utvekslingsstudentane er naturvitskap og teknologi, tett følgd av økonomi og administrative fag. 2 050 utvekslingsstudentar tar i studieåret 2022–2023 naturvitskap og teknologi, medan 1 950 tar økonomi og administrasjon.

Les meir: