Endringar for reglar studieåret 2022-2023

Publisert: 04.03.2022
Kvart studieår blir nokre av Lånekassen sine reglar for tildeling av lån og stipend til elevar og studentar endra. Her finn du informasjon om endringane som gjeld for kommande studieår, 2022-2023.

Justering av støttesatsar

Alle støttesatsar er justerte med to prosent. Basislånet er endra frå 11 487 kroner til 11 717 kroner.

Nytt rekrutteringsstipend til utveksling i utvalde land

Regjeringa ønsker at fleire norske studentar skal dra på utveksling til ikkje-engelskspråklege land, og at fleire skal velje å studere i eit av dei prioriterte samarbeidslanda innan høgare utdanning og forsking. Derfor er det innført eit ikkje-behovsprøvd stipend på 2 500 kroner per månad som skal bidra til å rekruttere studentar til å dra på utveksling til følgande land: Brasil, Russland, India, Kina, Sør-Afrika, Japan eller Sør-Korea. Stipendet kan bli gitt i inntil ti månader.

Inntil vidare vil det ikkje vere mogleg å søke om dette stipendet til utvekslingsopphald i Russland. Vi oppdaterer denne artikkelen når vi veit meir.

Reduksjon i talet på lærestader som gir rett til utvida stipend

Rekrutteringsstipendet til utveksling i utvalde land skal finansierast ved å redusere talet på lærestader som gir rett til utvida stipend (tidlegare tilleggsstipend) til dekning av skolepengar.

Studentar som har begynt på ei utdanning med rett til utvida stipend for studieåret 2022-2023, blir ikkje påverka av forslaget. Desse studentane vil ha rett til å fullføre utdanninga med utvida stipend, sjølv om lærestaden ikkje lenger er på lista over utdanningsinstitusjonar som gir rett til det utvida stipendet.

Endringar i kva land studentar kan få lån og stipend til helsefaglege utdanningar og veterinærmedisin

Kunnskapsdepartementet har bestemt at det frå og med studieåret 2022-2023 berre skal bli gitt lån og stipend til jordmor-, provisorfarmasøyt-, sjukepleiar-, tannlege- eller veterinærmedisinutdanning i følgande land: EØS-land, Sveits, Storbritannia, USA, Canada, Australia og New Zealand. Denne endringa gjeld berre for studentar som tek heile utdanninga si i utlandet.

Studentar som er i gang med ei helsefagleg utdanning eller ei veterinærmedisinutdanning i eit land som ikkje lenger vil gi rett til lån og stipend, vil ha rett til å fullføre denne utdanninga med lån og stipend frå Lånekassen.

Fram til no har medisinutdanning utanfor Europa, USA, Canada og Australia ikkje gitt rett til lån og stipend. Det har derimot ikkje vore nokon geografisk avgrensing for kvar ein student kan ta jordmor-, provisorfarmasøyt-, sjukepleiar- eller tannlegeutdanning med lån og stipend frå Lånekassen. Det har heller ikkje vore regulert i kva land veterinærmedisinutdanning har gitt rett til lån og stipend.

Bakgrunnen for endringa er blant anna at lege, jordmor, provisorfarmasøyt, sjukepleiar og tannlege er lovregulerte yrke, og for å sikre at alle har riktig kompetanse til å utøve desse yrka, er det krav om autorisasjon. Også for veterinærmedisinutdanning er det krav om autorisasjon. Fram til no har reglane skapt nokre utfordringar når det gjeld autorisasjon etter utdanning.

Lån og stipend til utanlandske statsborgarar

Det er gjort fleire endringar som regulerer rett til lån og stipend for utanlandske statsborgarar som tek utdanning i Noreg. 

Til og med studieåret 2021-2022 har det vore slik at permanent opphaldsløyve har gitt rett til lån og stipend, dersom det permanente opphaldsløyvet er gitt på bakgrunn av vern, sterke menneskelege omsyn, særleg tilknyting til riket eller familieinnvandring. Frå og med studieåret 2022-2023 vil dei med permanent opphald i Noreg ha rett til lån og stipend, uavhengig av kvifor dei har permanent opphaldsløyve.

Det er sett inn ei presisering om at statsborgarar som har opphaldsløyve etter utlendingsloven § 53, har rett til lån og stipend. Dette er statsborgarar som har fått opphald på sjølvstendig grunnlag etter å først ha hatt opphald på grunn av familieinnvandring med ektefelle eller sambuar.

Statsborgarar som i ein oppteningsperiode på minst to år har hatt fulltidsarbeid, opphaldsløyve som arbeidstakar, vore busett i og betalt skatt til Noreg, har rett til lån og stipend. Fram til no har det vore eit krav om at oppteningstida på to år skal vere samanhengande, og like før perioden med lån og stipend. Frå studieåret 2022-2023 er det innført eit unntak frå kravet om at oppteningstida må vere samanhengande og like før perioden med lån og stipend. Opphald på inntil eitt år på grunn av sjukdom og fødsel kan bli godtatt.

For statsborgarar som har rett til lån og stipend på grunn av tidlegare gjennomført utdanning i Noreg, er det no innført eit vilkår om at dei skal ha vore busett i Noreg i oppteningstida.

Unntak frå avbrotsreglane for studentar som blir sjuke

Frå og med studieåret 2022-2023 vil studentar som avbryt utdanninga på grunn av sjukdom, få behalde eller få utbetalt lån og stipend fram til tidspunktet dei avbraut utdanninga, uavhengig av kor lenge utdanninga har vart.

Ein student som avbryt utdanninga etter at lån og stipend er utbetalt, kan då behalde det lånet og stipendet som er gitt inntil det tidspunktet utdanninga blir avbroten. Ein student som avbryt før lån og stipend er utbetalt, får utbetalt lån og stipend fram til tidspunktet utdanninga blei avbroten, men berre dersom utdanninga har vart i minst tre månader før avbrotet. Det er denne regelen det kan bli gjort unntak frå no, dersom avbrotet er på grunn av sjukdom.

Endring for studentar som får dagpengar

Kunnskapsdepartementet har bestemt at grensa for behovsprøving av utdanningsstipend for studentar som får dagpengar under arbeidsløyse og tar høgare utdanning skal vere den same for studentar som får andre trygdeytingar (106 793 kr for 2022). Denne endringa gjeld allereie frå 1. januar 2022.

Tidlegare har grensa for behovsprøving av utdanningsstipend for studentar som får dagpengar under arbeidsløyse vore den same som for studentar som har person- og kapitalinntekt (199 591 kr for 2022).

Les meir

Her kan du les heile endringsforskrifta (lovdata.no)

Nyheit om reduksjon i talet lærestader i utlandet som gir rett til utvida stipend (lanekassen.no)