Endring i reglane i Lånekassen frå og med 2021–2022

Publisert: 06.04.2021
Kvart år blir somme av reglane i Lånekassen for elevar og studentar endra. No er dei nye reglane, som gjeld frå og med studieåret 2021–2022, fastsette.

Det er Kunnskapsdepartementet (KD) som fastset forskriftene i Lånekassen. KD fastsette 24.03.21 forskrift om endring i forskrift om utdanningsstøtte, som gjeld frå og med studieåret 2021–2022.

Her kan du lese heile endringsforskrifta. 

Satsane for lån og stipend blir prisjusterte

Alle satsar blir prisjusterte med 2,3 prosent. Det betyr at dei blir justerte opp i tråd med forventa prisvekst i 2021. Basislånet for studieåret 2021–2022 er 126 357 kroner for studentar som får lån og stipend i 11 månader.

Deltidsstudentar kan få lån og stipend i meir enn åtte år

Det er ei grense for kor lenge studentar kan få lån og stipend. Frå og med studieåret 2021–2022 blir denne grensa endra, frå antal år til antal studiepoeng eller tilsvarande. Ein student kan derfor frå og med studieåret 2021-2022 få lån og stipend til utdanning som utgjer inntil 480 studiepoeng eller tilsvarande.

Det betyr at deltidsstudentar kan få lån og stipend i lengre tid enn åtte år. Dette vil vere positivt for alle deltidsstudentar, uavhengig av årsaka til at dei studerer på deltid.

Merk at endringa gjeld frå og med 2021–2022, den har ikkje tilbakeverkande kraft. Det vil seie at dersom du har fått lån og stipend til deltidsutdanning tidlegare, tel dei periodane med på same måte som før, altså som antal år med støtte. Har du for eksempel fått lån og stipend i tre år til 50 prosent deltidsutdanning før studieåret 2021–2022, har du brukt opp tre heile år med rett til lån og stipend. Då har du 300 studiepoeng igjen som du kan få utdanningsstøtte til å ta. Desse 300 studiepoenga kan du fordele over så mange år du vil.

Saman med reglar som gjeld frå og med studieåret 2020–2021, vil denne endringa styrke vaksne sine sjansar til å ta utdanning finansiert av Lånekassen. Frå og med studieåret 2020–2021 er det råd å få utdanningsstøtte til deltidsutdanning som utgjer mindre enn 50 prosent av fulltid, og dei som er over 30 år, kan søke om eit tilleggslån.

Ikkje omgjering av lån til stipend for vaksne som tar privatisteksamenar i fag frå vidaregåande opplæring

Studentar kan få opptil 40 prosent av basislånet gjort om til stipend dersom dei består eksamen, har inntekt og formue under fastsette grenser og ikkje bur saman med foreldra. Frå og med 2021–2022 blir reglane for omgjering endra for dei som tar om igjen fag som er beståtte medan dei var i vidaregåande opplæring med ungdomsrett.

Vaksne som tar privatisteksamen i eit fag dei tidlegare har bestått då dei var i vidaregåande opplæring med ungdomsrett, vil frå og med hausten 2021 ikkje få gjort om lån til utdanningsstipend for desse faga.

Regelendringa gjeld berre for fag som allereie er beståtte. Vaksne som tar privatisteksamen i fag i vidaregåande opplæring som dei ikkje har tatt eller bestått tidlegare, kan framleis få gjort om lån til utdanningsstipend for desse faga.

Redusert andel stipend til reiser utanfor Norden

Elevar og studentar som tar utdanning utanfor Norden, har rett til lån og stipend til dekning av reiseutgifter mellom Noreg og regionen der lærestaden ligg. Kvart studieår blir det fastsett satsar for kvar enkelt region.

I dag får elevar og studentar som tar ei utdanning som varer i meir enn seks månader, ein fast sats til to tur-retur-reiser per studieår. 65 prosent av satsen blir gitt som lån, og 35 prosent av satsen blir gitt som stipend. Elevar og studentar som tar utdanning som varer i seks månader eller kortare per studieår, har rett til halv sats. Det vil seie til éi tur-retur-reise.

Frå og med hausten 2021 blir stipendandelen til reiser redusert. Tar du utdanning utanfor Norden som varer i meir enn seks månader, får du 35 prosent stipend til berre éi tur-retur-reise. Resten av reisestøtta blir gitt som lån. Det vil seie at du berre får lån til tur-retur-reise nummer to.

Denne regelendringa påverkar ikkje det det totale beløpet du har rett til. Du vil dermed få like mykje utbetalt, men ein høgare andel vil vere lån.

Endringa gjeld ikkje for elevar og studentar som tar utdanning utanfor Norden som varer i mindre enn seks månader. Dei fleste utvekslingsstudentar er på utveksling i berre eitt semester, og vil derfor få same andelen stipend og lån til reiser som før.

Student Norden
Du kan ikkje søke om lån og stipend for neste studieår enno. I starten av mai kan du søke om lån og stipend for studieåret 2021–2022.