Når kjem pengane?

Den første utbetalinga kvart semester startar etter at vi har fått alle opplysningane vi treng. Resten av studieåret får du lån og stipend rundt den 15. kvar månad.

Når søknaden er godkjend

Er søknaden din om lån og stipend godkjend, må du gjere ein del ting før du får pengane. Vi kan ikkje starte den første utbetalinga før du har gjort alt det du skal.

Du må:

  • signere avtale om lån og stipend med BankID
  • oppgi eit gyldig kontonummer på Dine sider/din profil

Er du under 18 år, må ein forelder eller ei verje signere avtale om støtte. Logg inn for  foreldresignering.

Kva for andre oppgåver du må gjere for å pengane utbetalt, blir bestemt ut frå kva type skole du går på.

Universitet og høgskole

Er du student på offentleg universitet og høgskole i Noreg, må du:

  • betale semesteravgift til lærestaden
  • melde deg opp til fag og undervisning på lærestaden

Universitetet eller høgskolen gir oss i Lånekassen beskjed når du både har meldt deg opp til fag og har betalt semesteravgift. Det kan ta litt tid frå du har betalt til vi får beskjed om det frå lærestaden.

Privat høgskole

Studentar ved dei fleste private høgskolar må signere kontrakt med lærestaden. Lånekassen får melding frå skolen din når kontrakten er signert. Undersøk gjerne kva som gjeld ved din lærestad.

Vidaregåande skole, folkehøgskole eller fagskole

Går du på vidaregåande skole, folkehøgskole, fagskole eller andre lærestader som ikkje er nemnt over, får du pengar når skolen har registrert at du har møtt opp ved skolestart. Det kan ta litt tid frå du har møtt opp til vi får beskjed om det frå skolen din.

Nettundervisning

Tar du nettundervisning, må lærestaden din stadfeste frammøte når du har begynt å studere. Det er individuelt frå lærestad til lærestad kva dei reknar som oppstart. Undersøk gjerne kva som gjeld ved din lærestad.

 

Den første utbetalinga i semesteret

Tidspunktet for den første utbetalinga kvart semester varierer ut frå kvar du studerer, og når vi får inn alle opplysningane vi treng.

Studerer du i Noreg er første moglege utbetalingsdato som regel 5. januar i vårsemesteret og 5. august i haustsemesteret.

Dersom ikkje alt er klart den 5.,  sjekkar vi fortløpande om du har gjort alle oppgåvene og betaler ut pengar den datoen alt er klart. Då kan det gå to til tre dagar til du får pengar på kontoen din.

Går du på ein skole der skolen må stadfeste at du har møtt opp, til dømes vidaregåande skole eller folkehøgskole? Då får du utbetalt penger først etter at du har møtt opp.

Dei fleste som studerer i utlandet, får pengar tidlegast i starten av juli.

Studerer du i Australia, New Zealand eller Sør-Afrika, får du pengar tidlegast i starten av juni.

Utbetaling i løpet av studieåret

Stipend og lån blir utbetalt den 15. kvar månad. Er den 15. ein kvardag, kan du rekne med å få pengane denne dagen.

Er den 15. ein helgedag eller heilagdag, kjem utbetalinga tidlegare.

Når på dagen pengane er på kontoen, er avhengig av banken din.

Studerer du i utlandet, får du ei utbetaling i starten av kvart semester. Kva månad du får pengane blir bestemt av kva for land du studerer i. Logg inn for å sjå når du kan få pengar utbetalt.

 

Vi utbetalar pengar kontinuerleg

Før du får pengar, må søknaden din vere godkjent og du oppfylle vilkåra for utbetaling. Nokre søknader har lang behandlingstid.

Slik fungerer utbetaling av lån og stipend

Den første utbetalinga i semesteret får du først når du har gjort alt du skal. Resten av semesteret er utbetalingsdatoen den 15.

Pengane kjem på konto til den 15. kvar månad

Studentar i Noreg får eit større beløp i august og i januar, enn i dei andre månadene i studieåret. Etter at du har fått den første utbetalinga for semesteret, får du pengane automatisk. Du får dei seinast den 15. dei andre månadene. Studerer du i utlandet får du pengane i juni/juli og i desember.

Det tar tid frå vi overfører pengane til du får dei

Dersom du har logga inn på lanekassen.no og det står at pengane er overførte, betyr det at vi har sendt pengane til banken din. Då kan det ta 2 til 3 dagar før du har pengane på kontoen din. Kva klokkeslett på dagen akkurat du får pengane inn på kontoen din, er avhengig av kva for bank du har.

Antal månader i året du kan få lån og stipend

Dei fleste som tar høgare utdanning i heile studieåret får utbetalt lån og stipend i 11 månader i året, frå august til og med juni.

Det er likevel nokre unntak. Studerer du på deltid eller går på folkehøgskole, får du utbetalt pengar frå august til mai. Det same gjeld for elevar på vidaregåande og i grunnskoleopplæring.

Sjekk når du får pengar på konto

Få oversikt på Dine sider

På Dine sider ser du kva som manglar før du får pengane. Du kan også sjå vedtaket ditt om kor mykje du får kvar månad i lån og stipend

Sjekk status