Når kan du søke?
Vent med å søke til du har fått vedtak om uføretrygd.
Søknaden blir behandla etter dei vilkåra som gjeld i det året Lånekassen får søknaden. Dette gjeld også når vedtaket om uføretrygd er frå før søknadsåret.

Lånekassen hentar inn opplysningar frå Nav om uføregraden din og tidspunktet du fikk innvilga uførestønad. Du treng derfor ikkje å sende oss dokumentasjon frå Nav.
Dersom du får barnetillegg for barn over 16 år fra andre enn Nav, f.eks. frå forsikrings- eller pensjonsselskap, må du sende inn dokumentasjon som viser kor mykje du får.
Har du fått etterbetalingar, kan vi sjå bort frå desse dersom du sender inn dokumentasjon på at dei gjeld eit tidlegare år.
Du må logge inn med BankID for å søke om sletting av gjeld ved uførleik.
Når vi har sett på søknaden og sjekka at vi har dei opplysningane vi treng, får du eit foreløpig svar frå oss. Du må logge inn på Dine sider for å sjå svaret.
Vi kan først ferdigbehandle søknaden din når skatteoppgjeret for det året du søkte, er klart.
I mellomtida sender vi normalt ikkje rekningar.