Kven kan få sletta gjeld?
Tar du femårig grunnskulelærarutdanning, lærarutdanning i praktiske og estetiske fag, eller lektorutdanning, kan du få sletta delar av studielånet ditt om du jobbar som lærar i grunnskulen eller i vidaregåande opplæring i ein oppteningsperiode etter utdanninga.
Ordninga gjeld for studentar som starta i ei av dei aktuelle utdanningane frå og med undervisningsåret 2017–2018, og dei første kan få sletta gjeld i 2025. For lærarutdanning i praktiske og estetiske fag, kan dei første få sletta gjeld i 2029.
Kor mykje av gjelda kan slettast?
- Grunnskulelærar for trinn 1-7: 106 000 kroner
- Grunnskulelærar for trinn 5-10: 51 000 kroner
- Lektorutdanning for trinn 8-13: 51 000 kroner
- Lærarutdanning i praktiske og estetiske fag, trinn 1-13: 106 000 kroner
Det er berre lån som kan slettast, ikkje renter.
Kva krevst for å få sletta gjeld?
- Du må fullføre utdanninga på normert tid, og
- Du må jobbe som lærar i tre av dei første seks åra etter fullført utdanning.
Du kan få unntak frå kravet om normert tid
Du kan få unntak dersom årsaka til at du brukte lengre tid var
- at du fekk barn i utdanningsperioden
- at du var sjuk
- at du har nedsett funksjonsevne, og læringsmiljøet eller studiesituasjonen ikkje var tilpassa dette
- at du hadde tillitsverv på fulltid i minst tre månader i ein landsomfattande studentorganisasjon eller liknande.
Krav til oppteningsperioden
Du må vere yrkesaktiv i ei undervisningsstilling på minst 50 prosent i grunnskulen eller i vidaregåande opplæring i minst tre av dei første seks åra etter at du avslutta utdanninga di. Du kan reknast som yrkesaktiv også i eventuelle periodar du har foreldrepermisjon, dersom du har ein stillingsprosent på minst 50.
For deg som er lærar i Nord-Noreg
Om du fullfører ei av utdanningane over, og jobbar som lærar i Nordland, Troms eller Finnmark i minst tre år, kan du få sletta 55 000 kroner av studielånet ditt. Du treng ikkje å ha fullført studia på normert tid, men om du har gjort det, kjem dette beløpet i tillegg til den slettinga du får når oppteninga ikkje skjer i Nord-Noreg.
Ordningane kan kombinerast
Dei forskjellige ordningane kan kombinerast. Om du for eksempel fullfører grunnskulelærarutdanning for trinn 1-7 på normert tid og jobbar tre år som lærar i Nord-Noreg, kan du få sletta 161 000 kroner av studielånet (106 000 + 55 000 kroner). Har du tatt spesialisering i realfag eller framandspråk, eller har samisk eller kvensk i fagkrinsen, kan du få sletta 50 000 i tillegg.
Du vil óg kunne kombinere denne ordninga med den nye ordninga for distriktskommunar. Dersom du bur i ein distriktskommune i oppteningsperioden på tre år, vil du kunne få sletta 25 000 kroner for kvart år etter distriktsordninga, i tillegg til det du får etter ordninga for lærarar.
Les også:
Eksempel på kor mykje gjeld ein lærar kan få sletta.
Slik søker du om sletting av gjeld
Du kan tidlegast søke om sletting av gjeld etter at oppteningstida er ute, det vil seie når du er ferdig med den femårige utdanninga og deretter har jobba minst tre år som lærar i grunnskulen eller i vidaregåande opplæring. Du vil finne ein søknad på nettsidene våre frå sommaren 2025.
Søknadsfrist
Søknadsfristen blir rekna frå starten av dei seks åra etter at utdanninga er fullført. Lånekassen må ha motteke søknaden din seinast seks månader etter at denne seksårsperioden er over.
Les også:
Ny ordning for busette i distriktskommunar