Dette søker du om
I søknaden søker du om å få sletta renter som allereie er lagt til gjelda di. Du kan ikkje søke om å sleppe at renter blir lagde til framover i tid.
24.08.2026: ID-porten har driftsproblem akkurat no, så du får kanskje ikkje logga inn på Dine sider og søknadene våre. Prøv igjen litt seinare!
I søknaden søker du om å få sletta renter som allereie er lagt til gjelda di. Du kan ikkje søke om å sleppe at renter blir lagde til framover i tid.
Dersom du søker fordi du er arbeidsledig, i utdanning eller får arbeidsavklaringspengar, treng du ikkje å sende inn dokumentasjon.
Les om dokumentasjonskrav dersom du søker av andre årsaker.
Du får ikkje endeleg svar på om du får sletta renter før vi har fått opplysningar om inntekta di i kalenderåret du søker om sletting av renter i. Den opplysninga får vi normalt sommaren året etter. Altså vil du ikkje få endeleg svar på ein søknad som gjeld 2026 før sommaren eller hausten 2027.
Når søknaden din er behandla, får du derfor eit foreløpig vedtak der vi har vurdert om du er i ein situasjon som gir deg rett til sletting av renter. Dette vedtaket får du før vi kontrollerer inntekta di.
Dersom du også har søkt om betalingsutsetting, og utfallet er avhengig av om du får sletta renter eller ikkje, vil vi behandle begge søknadane samtidig, normalt innan ein månad.
Behandlingstida på søknadar om sletting av renter er elles lang. Men tida du må vente har inga økonomisk betydning for deg. Om du har rett til å få sletta renter, vil vi også slette renter som er lagt til på dei rentene vi slettar.