Dokumentasjonskrav når du søker om sletting av renter

Dersom du søker om sletting av renter på grunnlag av arbeidsløyse, AAP eller utdanning, treng du ikkje å sende inn dokumentasjon.

Du får beskjed i søknaden om kva for dokumentasjon du eventuelt må sende inn. Det er enkelt å laste opp dokumentasjonen som eit vedlegg til søknaden, og du kan også laste opp dokumentasjonen etter du har sendt inn søknaden.

Det er unntak om du bur i utlandet. Då må du sende inn dokumentasjon frå arbeidsformidlinga/trygdeetaten i landet du bur. Er du student, må du sende inn dokumentasjon frå lærestaden din.

Fødsel og adopsjon

Du treng ikkje å sende inn dokumentasjon om du har same adresse som barnet i Folkeregisteret.

Om du ikkje er registrert på same adresse som barnet, må du sende inn dokumentasjon som viser at du har minst 40 prosent samvær (for eksempel samværsavtale signert av begge foreldre)

Sjukdom

Du må sende inn legeerklæring eller sjukmelding som stadfester at du har vore sjuk og ute av stand til å arbeide.

Førstegongsteneste

Du må sende inn stadfesting på avtent førstegongsteneste med stempel og underskrift frå ei militær styresmakt. Du kan bruke dimisjonsattesten.

Omsorgsarbeid

Du må sende oss dokumentasjon frå lege, annan helsestyresmakt eller Nav som viser at du i ein periode på minst tre samanhengande månader har ei omsorgsbelastning som tilsvarer minst 50 prosent av fulltidsarbeid. Dersom du får pleiepengar, kan du sende inn stadfesting på dette som dokumentasjon.

Sosialstøtte

Du må sende inn stadfesting frå Nav som viser perioden du har fått økonomisk stønad etter sosialtenestelova, og at dette har vore di einaste inntekt.

Låg inntekt ved fulltidsarbeid

Dersom du har vore i ordinært arbeid, må du sende inn stadfesting frå arbeidsgivar på perioden du har hatt fulltidsarbeid, og på di brutto månadsinntekt i perioden.

Er du sjølvstendig næringsdrivande, må du opplyse oss om organisasjonsnummeret ditt i Brønnøysundregisteret, legge ved kopi av skattefastsetting (likning) for åra du søker om sletting av renter for, og legge ved kopi av avtaler/timelister/lønnsslippar/fakturaer eller liknande som viser at du har vore reelt fulltidsarbeidande med føretaket ditt.

Er du kunstnar, må du sende inn dokumentasjon som viser at du har jobba som kunstnar på fulltid. Dette kan vere kopi av avtaler, timelister, lønnsslippar, fakturaer, eigenerklæring og liknande. Dersom du er medlem i ein yrkesorganisasjon for kunstnarar, og/eller er registrert i Brønnøysundregisteret, bør du dokumentere det i tillegg.

Studenttillitsverv

Du må sende inn stadfesting frå organisasjonen som viser kva for verv du har hatt, kor lenge du har hatt det og at det har vore på fulltid.

Soning

Du må sende inn stadfesting frå fengselet eller sikringsanstalten som viser soningsperioden.