Veileder

Foreldrestipend

Kor mykje foreldrestipend får eg?

Lån du har fått før,

blir til stipend

Du får ikkje utbetalt meir pengar enn før. Lånet for perioden du har rett til foreldrestipend, blir omgjort til stipend. Tilleggslån og skolepengelån til nettstudium i utlandet blir ikkje gjort om til foreldrestipend.

Krav og vilkår

Du får foreldrestipend i tre veker før fødselen og 46 veker etter. Far/medmor kan få foreldrestipend i 40 veker.

Det er berre mor som kan få foreldrestipend i dei siste tre vekene før og dei første seks vekene etter fødselen. Far eller medmor kan få foreldrestipend frå veke 7 til veke 49.

For å kunne få foreldrestipend må du enten vere i utdanning, ha permisjon frå utdanninga, eller ha reservert ein studieplass. Du får ikkje stipendet om du avbryt utdanninga di.

Du må også ha vore i utdanning og hatt rett til støtte frå Lånekassen i minst fire månader før barnet blei født.

Dersom du tar permisjon tidlegare enn tre veker før fødselen, kan du miste retten til foreldrestipend.

Må du ta permisjon tidlegare fordi helsetilstanden din krev det, eller dersom det er eit krav frå lærestaden din, kan du framleis få foreldrestipend. Men du må legge ved dokumentasjon som viser dette når du søker om foreldrestipend.

Du kan ha permisjon frå utdanninga di og framleis få foreldrestipend. Og sjølv om du får foreldrepengar frå Nav samtidig som du får foreldrestipendet, blir stipendet ikkje redusert. Er du elev eller lærling med ungdomsrett kan likevel trygd og pensjon, som for eksempel foreldrepengar frå Nav, påverke kor mykje foreldrestipend du kan få.

Det er også nokre andre reglar du bør kjenne til.

Du får ikkje foreldrestipend når ektefellen/sambuaren din får foreldrepengar frå Nav.

Dersom ektefellen eller sambuaren din får foreldrepengar frå Nav, kan det påverke kor mykje foreldrestipend du kan få. Har ektefellen/sambuaren 100 prosent foreldrepengar, får du ikkje foreldrestipend i same perioden.

Det er unntak dersom ektefellen/sambuaren har graderte foreldrepengar. Er uttaket mellom 50 prosent og 99 prosent, får du 50 prosent foreldrestipend. Er foreldrepengane under 50 prosent, har det ikkje nokon innverknad på foreldrestipendet ditt.

Les forskrifta

Det er berre mor som kan få foreldrestipend dei første ni vekene av foreldrestipendperioden, men resten av perioden kan de fordele mellom dykk. De oppgir i søknaden kva for periode de søker om foreldrestipend for.

Du kan først søke om foreldrestipend når barnet er født. Søknadsfristen er innan eitt år etter fødselen/adopsjonen.

Dersom ektefellen eller sambuaren din skal ha foreldrepengar frå Nav i same periode, må du skrive i søknadsskjemaet når de planlegg at parteren din skal ha foreldrepengar.

Dersom ikkje partneren din har fått vedtaksbrevet frå Nav enno, er det likevel viktig at du oppgir den planlagde startdatoen. Dette er nødvendig informasjon når vi skal behandle søknaden din om foreldrestipend.

Hugs også at du må ettersende partneren ditt vedtaket sitt om foreldrepengar frå nav.