Vidaregåande skole i utlandet

Dette er informasjon til deg som skal ta heile vidaregående i eit land utanfor Norden.

Videregåande utanfor Norden

Bur du saman med foreldra dine får du berre utstyrsstipend. Dei fleste som ikkje bur saman med foreldra sine får
  • utstyrsstipend mellom 1 359 kroner
  • bortebuarstipend på 6 677 kroner i månaden
  • reisestipend mellom 1 036 og 5 640

Vidaregåande utanfor Norden

Du kan få stipend og lån til vidaregåande utanfor Norden dersom du oppfyller eit av følgande vilkår.

Bur i utlandet på grunn av sjukdom eller i ein avgrensa periode

Dersom du bur i utlandet på grunn av eigen sjukdom, eller sjukdom hos ein av foreldra dine eller ektefellen din, kan du søke om stipend og lån.

Du må sende inn legeerklæring som stadfestar at du bur i utlandet på grunn av sjukdom.

Dersom familien din bur i utlandet i ein avgrensa periode, kan du også søke om stipend og lån. Du må i så fall sende inn dokumentasjon som viser kvifor foreldra dine er busett i utlandet, og at opphaldet er tidsavgrensa. 

For å få støtte etter desse reglene, må den vidaregåande opplæringa som du skal ta, tilsvare vidaregåande opplæring i Noreg. Du må også oppfylle vilkåra for å ha rett til vidaregåande opplæring etter opplæringslova. I tillegg må du:

  • ikkje ha studie- eller yrkeskompetanse enno. Det betyr at du ikkje har fullført og bestått studieførebuande eller den yrkesfagleg utdanning
  • ikkje fylle meir enn 24 år det kalenderåret skolen startar

Fått opptak til franske lycé

Du kan få stipend og lån om du skal gå på fransk lycé og har fått opptak gjennom Institut français de Norvège eller Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir).

Fått opptak til United World College

Du kan søke om stipend og lån om du har fått opptak gjennom Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse til eit United World College.

Fått opptak til yrkesfagleg opplæring som ikkje finst i Noreg eller som blir rekna som verneverdig tradisjonshandverk

Du kan få stipend og lån om du skal ta yrkesutdanning på nivå med vidaregåande opplæring i utlandet, og utdanninga di;

Om fagutdanninga i utlandet er på nivå med norsk fagskole kan du få det same i lån og stipend som dei som tar fagskole i Noreg. Dersom du er mellom 16 og 20 år, kan du i staden få lån og stipend som blir gitt til elevar i same aldersgruppe som tek vidaregåande opplæring i Noreg.

Gå til søknaden

Bortebuarstipend

Du kan få
6 677
kroner i månaden

Når du går på vidaregåande i utlandet kan du få bortebuarstipend om du ikkje bur saman med foreldra dine.

Det er ikkje eigen søknad om dette, men du må krysse av for at du skal bu borte frå foreldra dine i den vanlege søknaden om stipend.

Tilskot til reise

Lån og stipend til
2 heimreiser
for eit heilt studieår

Når du bur utan foreldra dine i utlandet utanom Norden kan du få reisetilskot.

Er du i utlandet heile studieåret, er 17,5 prosent av reisetilskotet stipend, medan 82,5% er lån. Er du i utlandet i eitt semester, er 35 prosent stipend og 65 prosent lån. Alle får stipenddelen, og du kan i tillegg velje å søke om lånedelen. Lånet må du betale tilbake seinare.

Det er ikkje eigen søknad om reisetilskot, det er ein del av den vanlege søknaden.

Satsar for ulike verdsdelar

Beløpa er meint som eit tilskot til to tur-returreiser i året:

Verdsdel Stipend, kroner Lån, kroner
Europa 1 036 5 920
Nord- og Mellom-Amerika 3 866 22 092
Oseania 5 640 32 228
Sør-Amerika 4 950 28 284
Asia 3 557 20 328
Afrika 4 258 24 332

Reiser i Noreg

Må du i tillegg reise i Noreg for å komme deg til Oslo lufthavn Gardermoen, får du tilskot til to tur-returreiser i Noreg for kvar kilometer du må reise:

  • 0-300 kilometer - 2,15 kroner per kilometer
  • 301-1500 kilometer – 1,19 kroner per kilometer
  • 1500 kilometer eller meir – 0,43 kroner per kilometer

Heile summen er stipend, men vi trekk frå ein eigendel på 1 401 kroner. For å berekne kor mykje du får i stipend til reise i Norge, kan du rekne ut tilskot utfra antall kilometer og multiplisere dette med fire (to tur-returreiser), og deretter trekje frå eigenandelen på 899 kroner.

Er du over 18 år og vil ta opp lån?

Du kan låne inntil
3 851 kroner
per månad dersom du bur borte

Dersom du er over 18 år og ikkje bur saman med foreldra dine, kan du låne inntil 3 851 kroner i månaden.

Lånet blir ikkje behovsprøvd mot inntekt. Det betyr at du kan få lånet uavhengig av kor mykje du eller foreldra dine tener.

Lånet må betalast tilbake

Dette er eit lån som du må betale tilbake. Når du ikkje lenger får stipend og lån frå Lånekassen, blir det lagt til renter på lånet, og du må betale tilbake. Du må betale heile lånet pluss renter, men du betaler ned i månadlege avdrag.

Slik søker du

Det er ikkje ein eigen søknad om lån. Når du søker om stipend og kryssar av for at du bur borte, får du spørsmål om du vil søke om lån også.

Inntil
111 974
i stipend til skolepenger

Skolepengar

Skal du gå på ein skole der du må betale skolepengar, kan du få meir i stipend og lån

Stipend til skolepengar

Du kan få stipend til å betale delar av skolepengane. Stipendet er på inntil 85 prosent av skolepengane, men det er øvre grense på 107 875 kroner per år.

Du får berre stipendet til reine skolepengar, men ikkje for eksempel programavgift til utvekslingsorganisasjonen. Skolen må stadfeste at du betaler skolepengar.

Det er eigen søknad for stipend til delvis dekning av skolepengar.

Skolepengar ved dei norske vidaregåande skolane i Spania

Dersom du går på ein av dei norske vidaregåande skolane i Spania kan du ikkje få stipend til skolepenger, fordi desse skolane får statstilskott frå Noreg. Men det er mogleg å søke om lån til skolepengar på inntil 31 032 kroner per år.

Lån til skolepengar

I nokre tilfelle kan du få lån til skolepengar. Lånet utgjer maksimalt 32 211 kroner for heile studieåret. Dette kan du få dersom du ikkje kan få stipend til skolepengar, eller dersom stipendet til skolepengar ikkje dekker heile skolepengebeløpet.

Gå til søknad for stipend til skolepengar
Utstyrsstipend

Tar du heile videregåande i utlandet får du den laveste satsen for utstyrsstipend som er 1 359 kroner. Hvis du tar deler av videregåande i utlandet får du same sats som for den utdanninga du følgjer i Noreg.

Har familien din svak økonomi?

Har foreldra dine svak økonomi, kan du ha rett til meir stipend.

Grensene for kor låg inntekta må vere varierer. Det er fordi også dette påverkar om du kan få inntektsavhengig stipend:

  • om foreldra dine bur saman
  • om foreldra dine har ny partnar
  • kor mange søsken du har
Språkkurs

Dersom undervisningsspråket er eit anna enn engelsk kan du ha rett til stipend  eller for å gå på språkkurs.

To elever i sofa

Vidaregåande skole i utlandet

Det er ikkje sikkert at vidaregåande skole i andre land gir generell studiekompetanse i Noreg.

For å få opptak til høgare utdanning gjennom Samordna opptak, og for å få lån og stipend til høgare utdanning utanfor Norden frå Lånekassen, må du ha oppnådd generell studiekompetanse før utdanninga startar.

Ulike land har ulike krav

Dersom du har gått på High School i USA, er det andre krav til den vidaregåande opplæringa enn om du har tatt A-level i England. Det er derfor viktig at du set deg inn i kva for krav som gjeld den vidaregåande opplæringa du ønsker å ta. Du finn oversikt over dei ulike krava hos Samordna opptak.

For å oppnå generell studiekompetanse i Noreg og kunne få opptak til høgare utdanning i Noreg, må du oppfylle krav om kunnskapar i både norsk og engelsk. Lånekassen kan sjå bort frå kravet til norskkunnskapar i samband med vurdering av generell studiekompetanse når du skal studere i utlandet utanfor Norden. Du kan likevel bli nødd til å dokumentere norskkunnskapar når vi vurderer tilknytninga di til Noreg.

Aktuelt regelverk