Utveksling på VG2

Gjeld deg som tar VG2 utanfor Norden som utvekslingselev.

Videregåande utanfor Norden

Bur du saman med foreldra dine får du berre utstyrsstipend. Dei fleste som ikkje bur saman med foreldra sine får
  • utstyrsstipend mellom 1 359 kroner
  • bortebuarstipend på 6 677 kroner i månaden
  • reisestipend mellom 1 036 og 5 640

Utveksling på vidaregåande

Du kan få stipend frå Lånekassen når du skal på utveksling, men det er nokre reglar du må vere oppmerksam på avhengig av kven som legg til rette utvekslinga for deg.

Godkjente utvekslingssamarbeid via skolen

Dersom skolen din har utvekslingssamarbeid med ein vidaregåande skole i utlandet, må du sjekke at dette er på HK-dir si liste over godkjente samarbeidsprogram. Du kan berre få stipend og lån frå Lånekassen om utvekslingssamarbeidet er på denne lista.

I slike tilfelle kan utvekslingsopphaldet vare i alt frå ei veke til eitt år, og opphaldet kan vere når som helst i løpet av dei tre åra du vanlegvis ville gått på vidaregåande skole i Noreg.

Utveksling via godkjent utvekslingsorganisasjon

Du kan også reise via ein utvekslingsorganisasjon som er godkjent av HK-dir. I slike tilfelle må utvekslingsopphaldet vare i eit år og kunne erstatte VG2 i Noreg.

Dersom du reiser på utveksling til eit land der skoleåret følger kalenderåret, kan du få stipend og lån når du reiser etter første semester i VG1 eller VG2.

Utveksling via Erasmus+

Om du skal reise på utveksling via Erasmus+ kan du også ha rett på stipend og lån, men utvekslingsopphaldet må vare i minst tre månader.

Læretid i ei bedrift i utlandet

Er du lærling og vil ta heile eller delar av læretida i ei bedrift i utlandet, kan du få stipend og lån. Før du søker, må du ha inngått lærekontrakt, og opplegget du skal gjennomføre må vere godkjent av fylkeskommunen.

Søknadsfristar

Du må ha ein skoleplass før du søker. Det er same frist for alle stipend og lån uavhengig av kven som legg til rette for utvekslinga:

  • 15. november for heile året eller berre haustsemesteret
  • 15. mars for vårsemesteret

Slik søker du

For alle stipend og lån, med unntak av stipend til skolepengar, bruker du den vanlege søknaden om stipend for vidaregåande skole med ungdomsrett.

Gå til søknad

Bortebuarstipend

Du kan få
6 677
kroner i månaden

Når du går på vidaregåande i utlandet kan du få bortebuarstipend om du ikkje bur saman med foreldra dine.

Det er ikkje eigen søknad om dette, men du må krysse av for at du skal bu borte frå foreldra dine i den vanlege søknaden om stipend.

Tilskot til reise

Lån og stipend til
2 heimreiser
for eit heilt studieår

Når du bur utan foreldra dine i utlandet utanom Norden kan du få reisetilskot.

Er du i utlandet heile studieåret, er 17,5 prosent av reisetilskotet stipend, medan 82,5% er lån. Er du i utlandet i eitt semester, er 35 prosent stipend og 65 prosent lån. Alle får stipenddelen, og du kan i tillegg velje å søke om lånedelen. Lånet må du betale tilbake seinare.

Det er ikkje eigen søknad om reisetilskot, det er ein del av den vanlege søknaden.

Satsar for ulike verdsdelar

Beløpa er meint som eit tilskot til to tur-returreiser i året:

Verdsdel Stipend, kroner Lån, kroner
Europa 1 036 5 920
Nord- og Mellom-Amerika 3 866 22 092
Oseania 5 640 32 228
Sør-Amerika 4 950 28 284
Asia 3 557 20 328
Afrika 4 258 24 332

Reiser i Noreg

Må du i tillegg reise i Noreg for å komme deg til Oslo lufthavn Gardermoen, får du tilskot til to tur-returreiser i Noreg for kvar kilometer du må reise:

  • 0-300 kilometer - 2,15 kroner per kilometer
  • 301-1500 kilometer – 1,19 kroner per kilometer
  • 1500 kilometer eller meir – 0,43 kroner per kilometer

Heile summen er stipend, men vi trekk frå ein eigendel på 1 401 kroner. For å berekne kor mykje du får i stipend til reise i Norge, kan du rekne ut tilskot utfra antall kilometer og multiplisere dette med fire (to tur-returreiser), og deretter trekje frå eigenandelen på 899 kroner.

Er du over 18 år og vil ta opp lån?

Du kan låne inntil
3 851 kroner
per månad dersom du bur borte

Dersom du er over 18 år og ikkje bur saman med foreldra dine, kan du låne inntil 3 851 kroner i månaden.

Lånet blir ikkje behovsprøvd mot inntekt. Det betyr at du kan få lånet uavhengig av kor mykje du eller foreldra dine tener.

Lånet må betalast tilbake

Dette er eit lån som du må betale tilbake. Når du ikkje lenger får stipend og lån frå Lånekassen, blir det lagt til renter på lånet, og du må betale tilbake. Du må betale heile lånet pluss renter, men du betaler ned i månadlege avdrag.

Slik søker du

Det er ikkje ein eigen søknad om lån. Når du søker om stipend og kryssar av for at du bur borte, får du spørsmål om du vil søke om lån også.

Inntil
111 974
i stipend til skolepenger

Skolepengar

Skal du gå på ein skole der du må betale skolepengar, kan du få meir i stipend og lån.

Stipend til skolepengar

Du kan få stipend til å betale delar av skolepengane. Stipendet er på inntil 85 prosent av skolepengane, men det er ei øvre grense på 111 974 kroner per år.

Du får berre stipendet til reine skolepengar, men ikkje for eksempel programavgift til utvekslingsorganisasjonen. Skolen må stadfeste at du betaler skolepengar.

Det er eigen søknad for stipend til delvis dekning av skolepengar

Lån til skolepengar

Dersom du skal betale skolepengar kan du og låne inntil 32 211 i året til å dekke desse. Du kan ikkje få meir i stipend og lån til skolepengar enn det du faktisk skal betale. Dette søker du om i den vanlege søknaden.

Gå til søknad for stipend til skolepengar
Utstyrsstipend

Når du er på VG2-utveksling får du utstyrsstipend etter satsen for det utdanningsprogrammet du følger i Noreg.

Har familien din svak økonomi?

Har foreldra dine svak økonomi, kan du ha rett til meir stipend.

Grensene for kor låg inntekta må vere varierer. Det er fordi også dette påverkar om du kan få inntektsavhengig stipend:

  • om foreldra dine bur saman
  • om foreldra dine har ny partnar
  • kor mange søsken du har

Aktuelt regelverk