Søknad om lån og stipend til gradsutdanning eller enkeltemne i Norden

Dette søker du om

I søknaden søker du om basislån og eventuelt skolepengelån. Du kan velje å berre søke om den delen av lånet som kan bli gjort om til stipend, eller om du vil ha resten av basislånet i tillegg.

Søknaden gjeld også for andre stipend og lån som berre somme har krav på. Dette er barnestipend, tilleggslån og flyktningstipend.

Det er eigne søknader for foreldrestipend og for tilleggsstipend ved nedsett funksjonsevne.

Dokumentasjon

Når du søker om lån og stipend til utdanning i utlandet for første gong, må du sende dokumentasjon til oss etter du har søkt. Du kan sende dokumentasjon på Dine sider på lanekassen.no. eller i posten.

Dette må du sende:

  • Endeleg opptaksbrev utan faglege vilkår frå lærestaden
  • Stadfesting frå lærestaden som viser kor mykje du eventuelt skal betale i skolepengar

Dersom du allereie er student i Norden og skal fortsette utdanninga, må du ha sendt skjema for fagleg progresjon for førre studieår.

Joint degree eller double degree

Dersom du tar ein joint degree (samarbeidsgrad mellom fleire lærestader), betyr det at du vil vere student ved forskjellige lærestader i løpet av graden din. 

Du blir ikkje rekna som ein utvekslingsstudent, men som ein vanleg student. Du skal derfor velje at du tek heile utdanninga i Noreg, eller heile utdanninga i utlandet når du blir spurt om det i søknaden. Vel det svaralternativet som stemmer med kvar du tek utdanning i det semesteret du søker for. Når du byter lærestad, skal du sende ein ny søknad og velje det alternativet som er riktig for det semesteret.

Det betyr òg at du og utdanninga må oppfylle vilkåra for lån og stipend til utdanning i utlandet i dei semestera du tek utdanning utanfor Noreg.

Søk om lån og stipend

No kan du søke om lån og stipend for 2025–2026.

Fristen for førre studieår, 2024–2025, gjekk ut 15. mars 2025.

Nokre kan stadig søke for
2024–2025

Dersom utdanninga di begynte etter 1. mars 2025, kan du framleis søke om stipend og lån. Fristen er innan studieåret er ferdig.