Søknad om skolepengelån til nettstudiar i eit EØS-land

Dette søker du om

I søknaden søker du om eit lån til skolepengar til utdanninga. Du kan ikkje søke om basislån, andre stipend eller lån til denne typen utdanning.

Dokumentasjon

Når du søker om lån og stipend til utdanning i utlandet for første gang, må du sende dokumentasjon til oss etter at du har søkt. Du kan sende dokumentasjon på Dine sider på lanekassen.no eller i posten.

Dette må du sende:

  • Vitnemål frå vidaregåande skole eller anna stadfesting som viser at du har oppnådd generell studiekompetanse i Norge (berre om du skal studere utanfor Norden).
  • Endeleg opptaksbrev utan faglege vilkår frå lærestaden (unconditional offer).
  • Stadfesting frå lærestaden som viser kor mykje du skal betale i skolepengar (tuition fee).
  • Dersom du ikkje er norsk statsborgar må du sende dokumentasjon som viser at du er frå eit EØS- eller EFTA-land, eller at du er familiemedlem til ein borgar frå eit EØS- eller EFTA-land.

Er du allereie student i utlandet og skal fortsette utdanninga, må du ha sendt inn skjema for Årleg kontroll for førre studieår før vi kan behandle ein ny søknad. 

Du finn meir informasjon for utanlandske statsborgarar på denne sida.

Behandlingstid

Du får svar, eller beskjed om status for søknaden, innan 24 timar.

Søknaden er ikkje synleg på Dine sider med éin gong, men så lenge du har fått kvittering, har vi fått søknaden din. På Dine sider får du også informasjon om anslått behandlingstid for søknaden din.

Gå til søknaden