Nettstudium på ein norsk lærestad
Kva for utdanningar er godkjende for lån og stipend?
Nettstudium i Noreg blir godkjende for utdanningsstøtte etter dei same reglane som anna utdanning. Det betyr at nettstudium ved universitet og høgskolar som hovudregel gir rett til lån og stipend, så lenge utdanninga varar i minst eitt semester.
Skal du ta ei utdanning på fagskole, blir dei enkelte utdanningane vurdert av Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir). Det er ikkje alle utdanningar på fagskole og utdanningar på vidaregåande nivå som er godkjende for lån og stipend i Lånekassen.
Finn du utdanninga di i søknaden, betyr det at den er godkjend for lån og stipend.
Kva skal til for å få lån og stipend?
I tillegg til at utdanninga din må vere godkjend, må du oppfylle dei generelle krava for å få lån og stipend. Det betyr blant anna at du ikkje kan vere meir enn eitt år forseinka i utdanninga, at du ikkje kan vere over 65 år og at du ikkje kan få lån og stipend i meir enn 8 år til saman.
I tillegg til å oppfylle dei generelle vilkåra, må du også oppfylle krav til tilknyting til Noreg.
Kor mykje kan eg få?
Tar du nettstudium som er godkjend for støtte, får du lån og stipend etter dei same reglane som dei som tar stadbasert utdanning.
Du kan berekne kor mykje lån og stipend du kan få ved å velje utdanninga di på denne sida.
Ver oppmerksam på at lånet og stipendet ditt blir redusert om du studerer på deltid. Dersom du for eksempel studerer 70 prosent av ei utdanning på fulltid, får du 70 prosent av maksimalt lån og stipend.