Kor lenge du kan få lån og stipend

Det er ei grense for kor lenge studentar kan få lån og stipend.

Denne grensa gjeld for utdanning du tar etter at du er ferdig med vidaregåande opplæring du har tatt med ungdomsrett.

Endring i reglane frå og med hausten 2021

Kor lenge du kan få lån og stipend, er avhengig av kva tidspunkt du fekk lån og stipend frå Lånekassen for første gong.

Frå og med studieåret 2021–2022 er reglane for kor lenge du kan få lån og stipend endra, frå antal år til antal studiepoeng. Frå og med hausten 2021 er det kor mykje utdanning du har fått lån og stipend til, målt i studiepoeng eller tilsvarande, som avgjer, og ikkje kor lenge du har fått utdanningsstøtte. Derfor kan du få lån og stipend i meir enn åtte år dersom du studerer på deltid.

Denne regelendringa har ikkje tilbakeverkande kraft. Det vil seie at dersom du har fått lån og stipend til deltidsutdanning før hausten 2021, vil dei periodane bli rekna med på same måte som om du fekk støtte til fulltid.

Har du for eksempel før hausten 2021 fått lån og stipend i tre år til deltidsstudium på 50 prosent, blir det rekna som at du har brukt opp tre heile år med lån og stipend. Men dei 300 studiepoenga du har igjen å få støtte til, kan du fordele over så mange år som du vil.


Lån og stipend for å ta til saman 480 studiepoeng

Du kan få lån og stipend for å ta 480 studiepoeng. Det er det same som åtte år med fulltidsstudium.

Studerer du på deltid, kan du få lån og stipend til å ta utdanning i meir enn åtte år.

Grenser for lån og stipend til folkehøgskole og grunnskoleopplæring

Du kan få utdanningsstøtte til to år på folkehøgskole. Du kan få utdanningsstøtte til fire år i grunnskoleopplæring.

Grensene for kor lenge du kan få lån og stipend til å ta folkehøgskole og grunnskoleopplæring, er ikkje ein del av regelendringa som gjeld frå studieåret 2021–2022.

Det betyr at dersom du studerer på deltid, får du likevel berre lån og stipend til fire år med grunnskoleopplæring, og to år til folkehøgskole.

Unntak frå grensa

Dersom du er forseinka i utdanninga fordi du blei sjuk, fekk barn, eller fordi du har nedsett funksjonsevne, kan du få utvida grensa. Det betyr at du likevel kan få lån og stipend for ein lengre periode enn det som tilsvarer 480 studiepoeng.

Dersom du er forseinka fordi du strauk på eksamen, kan du ikkje få utvida grensa. Du kan heller ikkje få utvida grensa dersom du har fleire år igjen av utdanninga di, men har brukt opp antal studiepoeng du kan få lån og stipend til.

Omrekning av årstimar og undervisningstimar

  • Eitt år i vidaregåande opplæring på studiespesialisering på fulltid er 840 årstimar. Det tilsvarer 60 studiepoeng.
  • Eitt år i vidaregåande opplæring på yrkesfag på fulltid er 980 årstimar. Det tilsvarer 60 studiepoeng.
  • Eit språkkurs som varer i tre månader, tilsvarer 18 studiepoeng.
  • Ei yrkessjåførutdanning tatt på fulltid på seks veker, tilsvarer ni studiepoeng.
  • Eitt år på folkehøgskole vil også bli rekna som 60 studiepoeng .
  • Eitt år med grunnskoleutdanning på fulltid er 20 undervisningstimar per veke. Det tilsvarer 60 studiepoeng.