Ungdomsrett

Ungdomsrett betyr at du har rett til vidaregåande opplæring. Om du har ungdomsrett eller ikkje, har noko å seie for kva typar stipend og lån du har rett til.

Kven har ungdomsrett?

Dei fleste som er mellom 16 og 19 år, og går på vanleg vidaregåande skole eller er lærling, har ungdomsrett etter opplæringslova § 3-1. Det betyr at du har rett til vidaregåande opplæring i tre år, eller fleire om utdanninga varar lengre. Du må bruke retten innan utgangen av det skoleåret som startar det året du fyller 24 år.

Det er ikkje Lånekassen som bestemmer om du har ungdomsrett eller ikkje, det får vi beskjed om frå skolen din.

Kva betyr det å ha ungdomsrett i Lånekassen?

Når du har ungdomsrett får du eit lågare beløp frå Lånekassen, og alt eller det meste av det du får er stipend. Nokre stipend blir behovsprøvd mot inntekta til foreldra dine.

Dette er regulert i del 2 i forskrifta om utdanningsstønad.

Kven har ikkje ungdomsrett?

Dersom du har brukt opp ungdomsretten, eller du er over 24 år, har du ikkje lenger ungdomsrett. Det kan for eksempel vere tilfellet dersom du tar om igjen fag frå videregåande, eller du tar ei ny vidaregåande opplæring. Studentar på universitet- og høgskole, fagskole, folkehøgskole og andre utdanningar har heller ikkje ungdomsrett.

Kva betyr det å ha ikkje ha ungdomsrett i Lånekassen?

Når du ikkje har ungdomsrett, får du lån og stipend etter reglane for høgare utdanning. Dei fleste får utbetalt meir enn dei som har ungdomsrett.

Når du ikkje har ungdomsrett og søker om lån og stipend frå Lånekassen, vil mesteparten vere eit lån og ikkje eit stipend. Ein del av lånet kan bli til stipend dersom du oppfyller visse vilkår, men du må betale tilbake størsteparten av lånet.

Du kan få lån og stipend til å ta 480 studiepoeng eller tilsvarande til saman når du ikkje har ungdomsrett. Det er det same som åtte år med utdanning på fulltid.

Dette er regulert i del 3 i forskrifta om utdanningsstøtte.