Særlege kategoriar av personopplysningar

Særlege kategoriar personopplysningar blei tidlegare kalla for sensitive opplysningar.

Dette er personopplysningar om

  • rasemessig eller etnisk opphav
  • politisk oppfatning
  • religion
  • filosofisk overtyding
  • fagforeiningsmedlemskap
  • genetiske og biometriske opplysningar
  • helse
  • seksuelle forhold eller seksuell orientering

Lånekassen har lov til å behandle denne typen personopplysningar dersom det er nødvendig for rett saksbehandling. Slik behandling kan også vere lov for å  

  • evaluere støtteordningane våre  
  • greie ut moglege endringar i regelverket
  • utvikle og teste IT-systema vi bruker
  • gi søkarar og låntakarar tilpassa informasjon om rettar og plikter 

Opplysningane blir behandla under teieplikt. Dette betyr at opplysningane ikkje kan bli utleverte til andre, med mindre dei har ein lovfesta rett på ei slik utlevering. 

Om du loggar inn på lanekassen.no med MinID, kan du ikkje sende inn helseopplysningar (eller andre såkalla særlege kategoriar personopplysningar) til oss elektronisk. Du kan heller ikkje sjå desse opplysningane. Dette er fordi MinID gir eit lågare tryggleiksnivå enn til dømes BankID. Derfor må du sende søknader og vedlegg som inneheld slike personopplysningar til:

Lånekassen
Postboks 450 Alnabru
0614 Oslo

Ikkje send oss meir dokumentasjon enn det vi ber om.

Personopplysningar om straffbare forhold

Opplysningar om at du har vore mistenkt, tiltalt eller dømt for straffbare forhold, kan bli behandla av offentlege styresmakter. Lånekassen behandlar slike opplysningar dersom du søkjer om sletting av renter på grunn av soning.