Pågåande forskingsprosjekt

Lånekassen samlar inn og forvaltar store mengder personopplysningar. Regelverket gir oss høve til å dele personopplysningar når dei skal brukast i forsking. Det rettslege grunnlaget for ei slik behandling er personvernforordninga (GDPR) artikkel 6 nr. 1 e. og personopplysningsloven § 8 og § 9 (dersom utleveringa gjeld særlege kategoriar personopplysningar).

Opplysningar som er taushetsbelagde

Dersom forskinga skal nytte tausheitsbelagde opplysningar, er det opp til Kunnskapsdepartementet å fastsetje om Lånekassen kan utlevere opplysningane til forskarane, jf. forvaltningsloven § 13 d. Når Lånekassen kan utlevere tausheitsbelagde opplysningar til forsking, vil forskarane vere underlagt teieplikt. Dei kan berre nytte opplysningane som ledd i forskingsarbeidet og i samsvar med dei vilkåra som måtte vere fastsette av departementet. Skal resultat av forskingsarbeidet publiserast eller brukast på annan måte, blir det anten kravt samtykke frå dei opplysningane gjeld, eller at vi gir opplysningane i statistisk form eller ved at individualiserande kjenneteikn blir utelate på annan måte.

Personverngarantiar

Når Lånekassen utleverer personopplysningar til forsking, er vi pålagde å sørgje for nødvendige garantiar som varetek personvernet til dei registrerte, sjå GDPR art. 89.

Dette inneber at Lånekassen vil sørgje for at

  • opplysningane som blir utleverte til forsking, er avgrensa til det som er nødvendig for forskinga og skjer på ein sikker måte
  • opplysningane blir avidentifiserte eller anonymisert, der det er mogeleg
  • forskarane er underlagt teieplikt og ikkje nyttar opplysningane på andre måtar enn forskinga føreset
  • utleveringa er underlagt ei vurdering av personvernkonsekvensar etter GDPR artikkel 35, der utleveringa inneber ein høg risiko for dei registrerte sine rettar og fridommar

Forskingsprosjekt

Studentane sin helse- og trivselsundersøking 2021

Folkehelseinstituttet (FHI) gjennomfører undersøkinga. Undersøkinga blir send ut i mars 2021.
Formålet til prosjektet: Formålet til SHoT-undersøkinga er å kartleggje korleis studentane sin helse- og trivselsituasjon har vore det siste året. Prosjektet nyttar fødselsnummer som Lånekassen har motteke via ID-porten, for å kunne kople data frå denne SHOT-runden til førre SHOT-undersøking i 2018. FHI opplyser at samanstilling av data er eitt av dei viktigaste måla med SHOT, nemleg å sjå på utvikling av helsa til studentane over tid. SHoT-undersøkingane skal bidra til eit betre kunnskapsgrunnlag for å vidareutvikle utdanningsstøtteordningane, slik at dei blir tilpassa studentane sine behov.

Kven er omfatta av utleveringa: Norske heiltidsstudentar i Noreg og utlandet.

Kva personopplysningar blir utleverte: Fødselsnummer.

Brukarundersøking av Lycée-ordninga 2020

Kunnskapsdepartementet har gitt Direktoratet for internasjonalisering og kvalitetsutvikling i høgare utdanning (Diku) i oppdrag å innhente opplysningar frå Lånekassen for å gjennomføre ei brukarundersøking med formålet å kunne evaluere Lycée-ordninga. Lycée-ordninga er retta mot tidlegare og noverande elevar som tek vidaregåande i Frankrike innanfor den mellomstatlege avtalen mellom Noreg og Frankrike. Brukarundersøkinga skal skje hausten 2020.

Kven er omfatta av utleveringa: Undersøkinga vil omfatte alle elevar som har starta på 3-årig løp ved norskseksjonane i Lyon, Rouen eller Bayeux i tidsrommet 1989-2017.

Kva personopplysningar blir utleverte: Namn, kontaktinformasjon, alder, heimkommune og eventuelle seinare lånekassestøtta utvekslingsopphald til studentane som er omfatta av undersøkinga.