Kva er personopplysningar?
Personopplysningar er alle opplysningar og vurderingar som kan knytast til deg som enkeltperson. Det blir skilt mellom personopplysningar og særlege kategoriar (sensitive) personopplysningar. Særlege kategoriar personopplysningar skal bli gitt ekstra vern.
Lånekassen er behandlingsansvarleg for personopplysningar
Lånekassen er ansvarleg for behandlinga av personopplysningane vi får eller hentar sjølve. Det vil seie at vi har ansvaret for korleis personopplysningane blir brukte, og at bruken er i samsvar med personopplysningsloven.
Vi har felles behandlingsansvar med Statens innkrevjingssentral i saker som gjeld innkrevjing av oppsagde lån og somme andre saker som vi har gitt Statens innkrevjingssentral i oppdrag å utføre på vegner av Lånekassen.
Kva er formålet med behandlinga av personopplysningar i Lånekassen?
I Lånekassen forvaltar vi studiestøtteordningane. Vi gir stipend og lån til utdanning i Noreg og utlandet og administrerer tilbakebetaling av studielån. Dette er eit samfunnsoppdrag vi er pålagt av lovgivar. For å utføre oppgåvene våre har vi behov for personopplysningar til ulike formål. Vi behandlar personopplysningar for å;
- behandle søknader om utdanningsstøtte
- vilkåra for å gi utdanningsstøtte er oppfylte
- krevje tilbakebetaling av lån
- krevje inn oppsagde lån
- bidra til at klagenemnda og Sivilombudet har rette opplysningar, slik at dei kan behandle klagesaker
- bruke personopplysningar som grunnlag for vidareutvikling av tenester og reglar
- bruke personopplysningane i samband med lovpålagde oppgåver som budsjett, rekneskap og rapportering til overordna styresmakt
- utlevere personopplysningar til styresmaktene i andre land til kontroll
- utlevere personopplysningar til andre offentlege styresmakter som har eit lovgrunnlag for innhenting.
- tilby korrekt og relevant informasjon om utdanningsstøtteordningane
- analysere informasjon om bruken av lanekassen.no og Dine sider for å kunne tilby brukarvennlege, raske og korrekte tenester
- bruke personopplysningar for å utvikle og teste IT-systema våre når dette ikkje kan gjerast med fiktive eller anonyme opplysningar
- utlevere personopplysningar til statistiske formål eller forskingsformål
Vi behandlar opplysningar om deg ved å
- samle dei inn og deretter registrere, lagre og omarbeide dei i våre system
- bruke dei i manuelle og automatiserte vedtaksprosessar
- analysere dei og utarbeide statistikk
- utlevere dei til andre etatar eller til forskingsinstitusjonar
I nokre tilfelle bruker Lånekassen kunstig intelligens som ein del av behandlinga.
Kva er Lånekassen sitt grunnlag for å behandle personopplysningar?
Lånekassen må behandle personopplysningar for å kunne behandle søknader om støtte og følgje opp tilbakebetalinga av studielån. Utan personopplysningane kan vi ikkje kople søknaden eller kundeforholdet til ein faktisk person. Alle våre behandlingar av personopplysningar må ha eit rettsleg grunnlag, eit såkalla behandlingsgrunnlag. Sidan Lånekassen er eit forvaltningsorgan med oppgåver som er pålagt oss i utdanningsstøtteloven med forskrifter, vil mange av våre behandlingar komme inn under behandlingsgrunnlaget “Nødvendig for å utføre en oppgave i allmennhetens interesse eller utøve offentlig myndighet” i personvernforordninga.
Utdanningsstøtteloven gir oss rett og plikt til å hente inn personopplysningar om deg dersom du, eller nokon du har ein familierelasjon til, forsørger eller blir forsørga av, søker om utdanningsstøtte gjennom Lånekassen. Lånekassen har rett til å hente inn informasjon om faglege resultat og studentstatus for alle elevar og studentar i Noreg. Dette er nødvendig for at Lånekassen skal kunne utøve oppgåvene vi har fått, og som vi er forplikta til å utføre ifølge loven.
Nokre behandlingar har eit anna behandlingsgrunnlag, for eksempel når vi ber om samtykke for å gjennomføre enkelte formar for brukarundersøking og når vi bruker informasjonskapslar på nettsida vår.
Kva personopplysningar blir brukte i behandlinga?
Lånekassen bruker berre dei personopplysningane om deg som er nødvendige for formålet, altså berre dei opplysningane vi treng for å kunne utføre oppdraget vårt. Dette er for eksempel namn, adresse, studiestad, inntekt og familierelasjonar. Somme gonger behandlar vi også særlege kategoriar (sensitive) opplysningar eller andre opplysningar som er underlagt teieplikt, når det er nødvendig for korrekt saksbehandling.
Kvar hentar vi personopplysningane frå?
Personopplysningar kjem anten frå deg som kunde eller frå andre offentlege eller private instansar som Lånekassen samarbeider med.
Når du sender ein søknad til Lånekassen, ringjer oss, sender ein e-post eller er i kontakt med oss på annan måte, gir du frå deg personopplysningar.
Lånekassen hentar inn opplysningar frå Skatteetaten (Folkeregisteret, a-ordninga, skattegrunnlaget, Konto- og adresseregisteret), Nav (Arbeidsgivar- og arbeidstakarregisteret), Digdir (Kontakt- og reservasjonsregisteret), Kartverket, UDI og IMDI.
Lånekassen hentar også inn personopplysningar frå andre offentlege og private instansar. Dette er skatteetaten, folkeregisteret, Kartverket, Vigo, Difi, Nav, UDI, barneverntenesta, Vernepliktsverket, Samordna opptak, offentlege og private utdanningsinstitusjonar og fylkeskommunane.
Kan Lånekassen utlevere personopplysningane til andre?
Personopplysningane dine kan bli utleverte til andre offentlege etatar som har lovleg grunnlag for å bruke opplysningane i saksbehandlinga si. Dette gjeld blant anna Statens innkrevjingssentral, Nav, skatteetaten, Helfo, Husbanken og dei nordiske lånekassene.
Personopplysningane dine kan også bli utleverte til andre etatar og forskingsinstitusjonar til forskingsformål. I slike tilfelle vil Lånekassen sikre at behandlinga skjer med nødvendige personverngarantiar. Dersom opplysningane ikkje kan bli utleverte i anonymisert form, vil vi forsikre oss om at opplysningane er underlagt teieplikt hos mottakar.
Vi utleverer ikkje personopplysningane dine til andre enn dei som har lovleg grunnlag, med mindre du har gitt fullmakt eller samtykke til det.
Kor lenge blir personopplysningane lagra?
Lånekassen har som offentleg verksemd ei lovpålagt plikt etter arkivlova til å oppbevare opplysningar om deg, også etter at vår saksbehandling er avslutta. Personopplysningar som vi ikkje har plikt til å oppbevare, vil vi slette når dei ikkje lenger er nødvendige for formåla dei blir behandla for.
Kva rettar har du som kunde?
Rettane dine følgjer av personopplysningsloven.
Du har
- rett til informasjon om korleis Lånekassen bruker personopplysningane dine
- rett til at Lånekassen slettar opplysningar om deg som ikkje lenger er nødvendige for formålet. Men i dei fleste tilfella er opplysningane nødvendige for Lånekassen i mange år
- rett til å korrigere eigne personopplysningar som er ufullstendige eller urette
- rett til å klage på Lånekassen si behandling av personopplysningane dine
- rett til å trekkje tilbake eit samtykke når som helst
- rett til å klage til Datatilsynet
- rett til innsyn i opplysningane Lånekassen har om deg
- rett til kopi av personopplysningar som blir behandla
- rett til avgrensing av behandlinga som gjeld deg sjølv
- rett til å få med deg eigne personopplysningar (dataportabilitet)
Lånekassen kan gjere unntak frå desse rettane:
- retten til avgrensing av behandlinga som gjeld deg sjølv
- retten til å få med deg eigne personopplysningar (dataportabilitet)
Lånekassen kan gjere unntak fordi vi utøver eit offentleg oppdrag, eller behandlinga er nødvendig for å utføre ei oppgåve i allmenta si interesse, jf. personvernforordninga artikkel 18 nr.2.
For å sjå kva personopplysningar vi har registrert om deg, kan du logge inn på Dine sider. Der kan du også be om innsyn.
Ønskjer du å bruke nokon av dei andre rettane som er nemnde ovanfor, kan du kontakte Lånekassen. Dersom du ber Lånekassen om innsyn eller andre rettar knytte til behandlinga av personopplysningar, har du krav på svar seinast éin månad etter at meldinga kom inn. Dersom vi ikkje kan svare deg innan ein månad, vil du få eit førebels svar før den opphavlege fristen med opplysning om årsaka til forseinkinga. I slike tilfelle kan fristen bli utvida med to månader.
Automatisert behandling
Lånekassen behandlar dei fleste søknadene om utdanningsstøtte automatisk på grunnlag av dei personopplysningane vi har, og regelverket om utdanningsstøtte. Det gjer at vi ofte kan behandle søknader om utdanningsstøtte i løpet av minutt. Du kan ikkje motsetje deg automatisk saksbehandling, men dersom du er usamd i vedtaket, kan du klage, og då vil saka di bli behandla manuelt.
Slik behandlar vi søknader automatisk.
Er personopplysningane sikre hos Lånekassen?
I Lånekassen arbeider vi kontinuerlig for å beskytte dine personopplysningar og annan konfidensiell informasjon gjennom å ha ei heilskapeleg tilnærming til informasjonstryggleik. Dette betyr at vi tar omsyn til både:
- Tilsette: Oppretthalde kunnskap og medvit for å redusere menneskelege sårbarheiter.
- Teknologi: Røkte våre IT-system slik at dei er robuste mot cybertruslar og sårbarheiter frå samhandling med tredjepartar.
- Organisasjon: Plasserer ansvar, integrerer risikostyring, og utarbeider rutinar for sikker informasjonsforvaltning.
Informasjonstryggleiksarbeidet er kontinuerleg og inneber også at vi jamleg gjennomgår ulike faktorar som risikoeksponering, tilgjengeleg teknologi, endringar i forretningsbehov eller lovkrav. Målet er å sikre at Lånekassens tenesteleveransar opererer innanfor eit akseptabelt risikonivå, er i samsvar med regulatoriske rammer og at etablerte tryggleikstiltak er effektive og forhindrar at dine opplysningar og rettar blir trua.
Informasjonskapslar (cookies)
Lånekassen bruker informasjonskapslar (cookies) på nettenestene våre for å gjere brukaropplevinga di betre og for statistikkformål. Informasjonskapslar er små tekstfiler som blir plasserte på datamaskina di når du lastar ned ei nettside.
Les meir om bruken av informasjonskapslar Lånekassen.
Kontaktinformasjon til Lånekassen
For å kontakte Lånekassen må du bruke dei vanlege kanalane vi har i kundebehandlinga.
Telefonnummeret til Lånekassen sitt kundesenter er 21 49 60 00. Du kan også sende oss ein e-post når du er logga inn på Dine sider, eller sende eit brev til
Lånekassen
Postboks 450 Alnabru
0614 Oslo
Av omsyn til personvernet ditt skal du ikkje sende visse personopplysningar på e-post, som for eksempel opplysningar om helsa di.
Kontaktinformasjon til personvernombodet i Lånekassen
Lånekassen har eit personvernombod som ivaretek personverninteressene både til kundane i Lånekassen og dei tilsette i verksemda. Ordninga er tilrettelagd og administrert av Datatilsynet. Personvernombodet kan gi råd og rettleiing desom du har generelle spørsmål om Lånekassen si behandling av personopplysningar, eller om vern av dei opplysningane vi har registrert om deg som kunde.
e-post: personvernombud@lanekassen.no
post:
Personvernombodet
Lånekassen
Postboks 191
0510 Oslo