Vil du vere med å gjere utdanning mogleg?

Saksavdelinga treng rett som det er fleire engasjerte og dyktige medarbeidarar som blir motiverte av samfunnsoppdraget vårt – å gjere utdanning mogleg.
Campusbilete. Gutt og jente går med ryggen til. Folk i bakgrunnen.

Kven er vi?

– Vi er ein del av velferdsstaten

Lånekassen har 1,2 millionar kundar som skal bli ivaretatt på ein god måte med forståeleg informasjon og moderne tenester. Vi er opptatt av at kundane skal få god hjelp, rettleiing og profesjonell saksbehandling.

I fjor delte vi ut om lag 38 milliardar kroner gjennom ulike typar lån og stipend. Vi har mellom anna eigne ordningar for kundar som får barn eller blir sjuke under utdanninga, som studerer eit semester eller heile graden i utlandet, og for kundar som har nedsett funksjonsevne, eller som treng ekstra lån utover basisstøtta.

Det finst også fleire ordningar for dei som betaler tilbake på studielånet, for eksempel betalingsutsetjing, sletting av renter ved ulike situasjonar, eller sletting av heile eller delar av gjelda.

Dei aller fleste søknadene blir behandla maskinelt, resten av sakene må våre dyktige saksbehandlarar sjå på. Dersom kundane har spørsmål, kan dei kontakte oss på telefon og e-post, og få svar av kyndige kunde- og saksbehandlarar. Lærestadene er ein svært viktig samarbeidspart for Lånekassen, og tilsette ved lærestadene kan kontakte saksavdelinga ved behov.

«Eit utruleg godt arbeidsmiljø, og med eit viktig samfunnsoppdrag ein kan vere stolt av.» Saksbehandler i Lånekassen. Bilete med sitat

Kven er du?

– Du vil vere med å gjere utdanning mogleg

Du blir motivert av samfunnsoppdraget vårt, og vil vere stolt av arbeidsplassen din, både fordi den gir deg dei utfordringane du treng, fordi kollegaene dine er fagleg sterke og fordi du veit at det du gjer hos oss, er meir enn berre ein jobb.

Bli med oss på laget!

Hos oss vil du møte eit sterkt fagmiljø og engasjerte medarbeidarar og kollegaer.

Saksavdelinga fordeler seg på dei fire kontorstadene våre, med kvar sin seksjonsleiar: Trondheim, Ørsta, Stavanger og Oslo – her ligg også kundesenteret vårt.

Lånekassen er ei digitalisert og innovativ verksemd, og saksavdelinga bidrar med praksisnær innsikt og erfaring, som både blir brukt i utforminga av kundekommunikasjonen, i utviklinga av systema og løysingane våre, og i rapporteringa til Kunnskapsdepartementet, som igjen kan bruke innsikta som bakgrunn for utforming av politikk.