- Olje i maskineriet
- Eg tenker kvar dag at eg har ein meiningsfull jobb. Å få vere olje i maskineriet på ein arbeidsplass som har eit så viktig samfunnsoppdrag, er motiverande, seier Knut Gunnar.
Han jobba fleire år i justissektoren før han begynte i Lånekassen i 2015. – Eg blei fascinert over kor langt Lånekassen hadde komme med digitaliseringa. Det viste seg raskt at dette er ein moderne arbeidsplass som det er spennande å jobbe i. I tillegg er det så mange fine folk som jobbar her og eit godt arbeidsmiljø, legg han til.
Som rådgivar i HR har Knut Gunnar varierte arbeidsoppgåver, og jobbar tett med både tillitsvalde og leiarar. – Eg har som hovudansvar at samarbeidet mellom arbeidsgivar og dei tillitsvalde fungerer bra, inkludert lønnsforhandlingar, seier han.
Knut Gunnar fortel om gode moglegheiter for fagleg utvikling. - Lånekassen er i front med interne hjelpemiddel og legg til rette for samhandling på dei nyaste digitale arbeidsflater. Det gjer at ein stadig er i ein læreprosess, seier han.