Studielånsrentene fortset å auke

Publisert: 09.08.2023
Rentene i Lånekassen stig ytterlegare frå 1. september. Samtidig aukar antalet purringar, antal studielån som går til inkasso og bruken av betalingsutsetting blant kundane i Lånekassen.

1. september stig alle Lånekassens renter ytterlegare, og blir dei høgaste på mange år. Ikkje sidan april 2009 har flytande rente på studielånet vore høgare. Sist fastrentene var høgare, var i oktober 2008 for treårsrenta og i mai 2011 for tiårsrenta.

Fastrentene som gjeld frå 1. september, vil vere:

  • 4,879 prosent for tre års bindingstid (aukar med 0,613 prosentpoeng)
  • 4,755 prosent for fem års bindingstid (aukar med 0,595 prosentpoeng)
  • 4,583 prosent for ti års bindingstid (aukar med 0,442 prosentpoeng)

Flytande rente, som i dag er 3,668 prosent, aukar til 3,948 prosent frå 1. september.
Rentene i Lånekassen er marknadsstyrte, og blir fastsette på grunnlag av eit gjennomsnitt av dei fem beste tilboda om bustadlån i marknaden.

Kundar som ønsker å binde renta, kan gjere det i perioden 10.–17. august. Dei søker om fastrente på lanekassen.no.

Fleire har betalingsproblem

Samtidig som rentene har auka jamt det siste året, opplever Lånekassen no at fleire av kundane får problem med å betale rekningane sine. Antal purringar aukar, og fleire får lånet oppsagt og overført til Statens innkrevingssentral. I tillegg vel stadig fleire å utsette betalinga.

– Samla sett seier dette oss at fleire har betalingsproblem, og det er vanskelege økonomiske tider for mange. Det er ei utvikling vi følger med på, seier Kjetil Moen, administrerande direktør i Lånekassen.

Over 1 million utsette rekningar så langt i år

Dersom du ikkje kan betale rekninga frå Lånekassen, finst det ordningar som kan hjelpe. Du kan utsette betalinga di opptil 36 gonger, tilsvarande tre år, i løpet av nedbetalingstida. I tillegg kan du ha rett til å få sletta renter på lånet ditt om du er i ein situasjon som gjer at du har låg inntekt.

Med koronapandemien blei ordninga med betalingsutsetting utvida, og kundane kunne utsette utan å bruke av den ordinære kvoten. Antal utsettingar og antal kundar som valde å utsette, auka betydeleg. I 2022 blei 1,4 millionar Lånekasse-rekningar utsett, mot 832 000 i heile 2019, det siste året før pandemien. Så langt i 2023 er 1,1 millionar Lånekasse-rekningar utsett. Dette er det høgaste nokon gong, og omtrent 24 000 fleire enn på same tid i fjor (tal per 1. august).

Dyrt å ikkje betale

Dersom du ikkje betaler rekninga, og heller ikkje søker om å utsette betalinga, blir det fort dyrt. Purregebyra til Lånekassen er høge, og blir lånet oppsagt og overført til inkasso, vil det bli lagt til forseinkingsrenter på heile gjelda.

– Vi ser dessverre ei auke i antalet kundar som ikkje greier å betale rekningane sine og som til slutt får lånet sitt sagt opp og overført til Statens innkrevingssentral, seier Moen.
I årets seks første månader blei 11 200 studielån sagt opp, mot 8 800 i same periode i fjor. Det er ei auke på 27 prosent.

– Studielånet er eit lån med gunstige vilkår, men det kan bli dyrt om du ikkje betaler tilbake. Vi ser at ein god del av dei som får lånet oppsagt, ikkje har brukt opp utsettingane sine. Gå inn på nettsidene våre, og sjå kva for moglegheiter som finst om du har problem med å betale. Det er viktig å unngå at rekningane går til inkasso, seier Moen.


Les om betalingsutsetting på lanekassen.no her.
Les om fastsetting av renter i Lånekassen og følg med på renteutviklinga her.