Studentar i utlandet må dokumentere fagleg progresjon og betalte skolepengar

Publisert: 22.02.2021
Studentar som får lån og stipend til utdanning i utlandet må kvart år sende inn dokumentasjon til Lånekassen på fagleg progresjon og eventuelt betalte skolepengar.

Lånekassen seier frå til dei som skal dokumentere

Det er studentar som har fått lån og stipend hausten 2020 og våren 2021, som må sende inn dokumentasjon. Alle som skal sende inn dokumentasjon, får ein e-post frå Lånekassen om det.

Du finn skjemaet som skal fyllast ut på Dine sider, og det er lærestaden din som skal fylle det ut. Dersom lærestaden din ikkje kan fylle ut skjemaet, kan vi godta eit brev der dei same opplysningane kjem fram.

Fristen for å svare er fredag 26. mars

Du må sende inn det ferdig utfylte skjemaet innan fristen. Men det er likevel viktig at du ikkje sender inn skjemaet før du har betalt alle skolepengane for vårsemesteret 2021. Har du derfor ikkje moglegheit til å sende inn dokumentasjonen vi ber om innan fristen, er det viktig at du sender det inn så raskt som mogleg. Du treng ikkje seie frå om du ikkje kan sende inn innan fristen.

Skal du studere neste studieår også, må vi vite at du er i rute med utdanninga di før du kan få lån og stipend. Derfor får du ikkje godkjent søknaden din om lån og stipend for neste år før du har dokumentert fagleg progresjon og kor mye du har betalt i skolepengar for heile perioden du har fått lån og stipend for.

Send inn skjemaet sjølv om du har budd i Norge

I 2020 og 2021 er det utanlandsstudentar som har budd heime i Noreg på grunn av koronapandemien. Alle som får melding om å sende inn dokumentasjon, skal likevel gjere det. Det gjeld uavhengig av om du har vore på lærestaden i utlandet, eller om du har hatt nettundervisning heime i Noreg på grunn av koronasituasjonen.

Send inn dokumentasjon for å få omgjering

Avslutta du utdanninga di i løpet av studieåret 2020–2021, må du også hugse på å sende inn kopi av vitnemålet ditt og offisiell karakterutskrift. Grunnen er at du må dokumentere at du har fullført utdanning for å få gjort om deler av lånet til stipend.