Studentane jobbar mest om sommaren

Publisert: 28.09.2023
Rundt ni av ti som studerer med støtte frå Lånekassen, har lønna arbeid ved sidan av utdanninga. Å jobbe om sommaren er mest vanleg.

Ei analyse gjort av Lånekassen viser at 86 prosent av heiltidsstudentane i høgare utdanning som fekk fullt lån og stipend i kalenderåret 2019, hadde jobb ved sidan av utdanninga.

Jobbar i gjennomsnitt ti timar per veke

Det er forskjellar i når på året studentane jobbar, kor mykje dei jobbar og kven som jobbar mest:

– Ikkje overraskande ser vi at sommarmånadene utgjer ein topp, både når det gjeld kor mange studentar som jobbar, og kor mykje dei jobbar. 70 prosent av studentane i undersøkinga jobba i juli, medan berre rundt halvparten jobba i april, seier Beate Ellingsen, leiar for analyseseksjonen i Lånekassen.

– Det er også stor variasjon i kor mykje studentane jobbar – nokre jobbar lite, andre mykje. Om lag kvar fjerde student jobbar i alle årets tolv månader. I sum var 86 prosent av studentane i jobb i løpet av 2019.

– Vi har også sett på utvikling over tid, og finn lite endring frå 2016 til 2019. Men vi ser at omfanget av lønna arbeid blant studentane gjekk ned i koronaåret 2020, seier Ellingsen.

Forskjellar mellom utdanningsfelt

Analysen viser store forskjellar mellom dei ulike utdanningane:

– Dei som studerer økonomiske og administrative fag, jobbar i snitt mest, medan dei som studerer humanistiske og estetiske fag og naturvitskapelege fag, jobbar i snitt minst, seier Ellingsen.

Lånekassen har sett nærmare på ulike kjenneteikn ved studentane. Analysen viser at det er forskjellar mellom studentar som har og ikkje har jobba før utdanning. De som har jobba før, jobbar i snitt vesentleg meir enn dei som ikkje har gjort det.

– Vidare finn vi, i likskap med tidlegare forsking, at det er sosiale forskjellar knytt til kor mykje studentane jobbar – jo høgare utdanning foreldra har, jo mindre jobbar studentane i gjennomsnitt.

Når det gjeld busituasjonen til studentane, viser resultata at dei som bur i og rundt Oslo, i snitt jobbar ein del meir enn studentane i resten av landet.

– Analysen gir oss ny innsikt om studentar og arbeid, og beskriv fleire interessante samanhengar. Men vi har ikkje sett på årsakssamanhengar i denne analysen, seier Ellingsen.

Kjelda til analysen er microdata.no.