Søker Noreg rundt etter dei beste IT-hovuda

Publisert: 03.05.2021
Lånekassen ligg langt framme på digitalisering og IT. Likevel er erfaringa at det er vanskeleg å finne dei rette kandidatane til ledige IT-stillingar. No lyser Lånekassen ut seks stillingar med arbeidsstad «over heile landet».

– Vi gjer dette fordi vi vil ha dei beste IT-hovuda, og vi veit at det finst spennande IT-miljø og topp kompetanse over heile landet. Vi ønskjer oss dei beste folka med på laget, uavhengig av bustad, seier Heidi Brunborg, IT-direktør i Lånekassen.

IT-avdelinga i Lånekassen har hovudkontor i Trondheim, med delar av avdelinga i Oslo. Det vanlege har vore krav om å ha arbeidsstaden sin ved eitt av desse kontora.

– Vi har dei siste par åra lyst ut 17 IT-stillingar, og av desse enda seks opp utan innstilling, fordi vi ikkje fann dei rette kandidatane. Derfor opnar vi no for fjernarbeid, for å gjere oss aktuelle for kloke IT-hovud i heile landet.

Nye arbeidsplassar

At Lånekassen jaktar på aktuelle kandidatar over heile landet, er ikkje primært eit distriktstiltak, men eit nytt grep i jakta på kompetanse i ein tøff marknad.

– Det er ikkje distriktspolitikk som har vore drivaren for at vi vel å gjere dette, men det er definitivt ein hyggeleg bieffekt om tiltaket vårt resulterer i nye arbeidsplassar i distrikta, seier Brunborg.

Lånekassen si erfaring etter eit år med heimekontor er – som for mange andre verksemder – at det speler lita rolle kvar du jobbar frå, så lenge jobben blir gjort på ein god måte. Det å jobbe spreidd frå ulike lokasjonar er heller ikkje noko teknologane i Lånekassen er ukjende med:

– IT-miljøet i Lånekassen har jobba på tvers av lokasjonar i mange år, og det siste året har vi i tillegg vore i ein situasjon der alle har jobba heimanfrå. Erfaringane våre med distribuert jobbing er veldig gode.

Dei som blir tilsette, vil få god tilrettelegging på heimekontor. Det vil bli lagt til rette for ein god arbeidsplass i heimen, med leiarar som er tett på og tilgjengelege ved behov. Reiser til og frå kontorstadene til Lånekassen, og utstyr til ein god heimearbeidsplass, blir dekt.

– Det som er nytt for oss, er å samarbeide hovudsakleg digitalt med kollegaer vi ikkje har rokke å bli godt kjende med på eitt av kontora først. Derfor er vi førebudde på å lære og tilpasse oss, for å skape eit godt arbeidsmiljø og effektivt samarbeid ut frå dei erfaringane vi gjer oss undervegs.

Attraktive oppgåver

Mellom stillingane som blir utlyste, er systemutviklarar, frontendarkitekt, data manager og DevOps-engineer. IT-direktøren lokkar med attraktive arbeidsoppgåver:

– Du vil boltre deg i teknologi, og vere med å påverke korleis vi skal utnytte morgondagens løysingar for studentane i framtida, og for dei som betaler tilbake på studielånet sitt. I fjor tok vi alle systema våre opp i skya, noko som gir unike sjansar. Dette, saman med at samfunnsoppdraget vårt om å gjere utdanning mogleg, kanskje er viktigare enn nokon gong, gjer at det aldri har vore meir spennande å jobbe med IT i Lånekassen, torer eg påstå.