Slutt på ekstra koronautsettingar

Publisert: 16.12.2022
Fra januar er det slutt på koronatiltaket med ekstra betalingsutsettelser i Lånekassen. Talet på utsettelser økte betydelig under pandemien.

Alle som betaler på studielånet, kan i utgangspunktet utsette rekninga 36 gonger, noko som tilsvarer tre år. Som eitt av fleire koronatiltak for kundane i Lånekassen har tilbakebetalarar sidan mars 2020 kunna utsette betalinga utan å bruke av kvota på 36 utsettingar. Frå 1. januar 2023 blir koronatiltaket avslutta, noko som betyr at kundane igjen må bruke av den ordinære kvota om dei utset betalinga.

Over 1,4 millionar rekningar utsett i 2022

Mange har brukt moglegheita til å utsette Lånekasse-rekninga under pandemien. Samla er oppunder 4 millionar rekningar utsett sidan mars 2020, mot 2,4 millionar dei tre åra før. Over 1,4 millionar Lånekasse-rekningar er blitt utsett i 2022, mot 830 000 i 2019.

– Tiltaket blei innført på grunn av forventa høgare arbeidsløyse under pandemien. For 2022 kan auka renter og høgare prisar også ha bidratt til at mange har vald å utsette betalinga, seier Anette Bjerke, kommunikasjonsdirektør i Lånekassen.

19 000 kundar har utsett alle innbetalingane til Lånekassen sidan pandemien starta. Det betyr at dei ikkje har betalt ned på studiegjelda si sidan mars 2020.

– Vi sender i desse dagar ut dei første rekningane som har betalingsfrist i januar, mange av kundane vil då få ei utgift dei ikkje har betalt på ei stund. Det er likevel viktig å vere klar over at vi har ordningar som kan hjelpe dersom du er i ein vanskeleg økonomisk situasjon, seier Bjerke.

Færre purringar og færre oppsagte lån

Ein effekt av tiltaket med ekstra utsettingar under pandemien, er at færre av kundane får purringar og færre får lånet sitt sagt opp og overført til Statens innkrevingssentral fordi dei ikkje betaler.

– Det er bra at kundane brukar moglegheita for betalingsutsetting om dei har problem med å betale, i staden for å risikere forseinkingsrenter og så vidare. Det er også viktig å vite at det er mogleg å få sletta renter eller gjeld i spesielle situasjonar.

– Betalingsutsetting er ei fin ordning, som bør brukast når det er nødvendig. Men hugs at når du utset betalinga, må du betale meir renter totalt og terminbeløpet for dei resterande terminane blir litt høgare, seier Bjerke.

Kan du ikkje betale rekninga?

Lånekassen har også andre ordningar for dei som slit med å betale. I tillegg til betalingsutsetting, kan ein ved låg inntekt få sletta renter på lånet.

Kundar som ikkje betaler studielånet og heller ikkje søker om utsettingar, vil etter kvart få lånet sitt oppsagt og overført til Statens innkrevingssentral.

Les meir om betalingsutsetting på Lånekassens nettsider.

Vi sender i desse dagar ut dei første rekningane som har betalingsfrist i januar, mange av kundane vil då få ei utgift dei ikkje har betalt på ei stund.
Anette Bjerke
Kommunikasjonsdirektør i Lånekassen