Rentene på studielånet aukar

Publisert: 11.04.2023
Rentene i Lånekassen går opp frå 1. mai. Flytande rente fortset å vere lågare enn fastrentene.

Fastrentene som gjeld frå 1. mai, vil vere:

  • 4,227 prosent for tre års bindingstid (opp frå 4,054 prosent)
  • 4,131 prosent for fem års bindingstid (opp frå 3,928 prosent)
  • 4,112 prosent for ti års bindingstid (opp frå 3,928 prosent)

Flytande rente på studielånet er i dag 3,338 prosent, men vil auke til 3,532 prosent frå 1. mai.

Lønnsamt å binde siste treårsperiode

Det er få som vel fastrente på studielånet. Per no har 19 600 tilbakebetalarar fastrente i Lånekassen, medan 750 200 har flytande rente. Det betyr at berre tre prosent av kundane har fastrente, noko som er den lågaste andelen sidan fastrente blei innført.

– I dei fleste tilfelle har det historisk vore lønnsamt å ha flytande rente på studielånet, men nokre har tent på å binde renta. Dette var for eksempel tilfellet for dei som valde tre års fastrente frå 1. juli 2020, nokre månader inn i korona-pandemien. Fastrentene i Lånekassen var då kraftig reduserte samanlikna med førre tilbod, og langt fleire enn vanleg valde då å binde renta.

2 400 kundar valde å binde renta i tre år til 1,628 prosent. Den gjennomsnittlege flytande renta i perioden var 1,831 prosent, seier Magnus Lingscheid-Andersen, produkteigar for lån i Lånekassen.

– Vi såg gjennom heile 2022 at få valde å binde renta, og denne trenden fortset: I februar, førre gong ein kunne søke om fastrente i Lånekassen, var det berre 240 kundar som gjorde det, seier Lingscheid-Andersen.

Studielånsrentene er marknadsstyrte

Rentene i Lånekassen er marknadsstyrte og blir fastsette med utgangspunkt i gjennomsnittet av dei fem beste bustadlånsrentene. Frå dette snittet blir 0,15 prosentpoeng trekt frå, noko som gir rentene i Lånekassen. For flytande rente er observasjonsperioden på to månader, med to månaders opphald før renta trer i kraft. For dei faste rentene er observasjonsperioden éin månad, med éin månads opphald før renta trer i kraft.

Kundar som ønsker å binde renta frå 1. mai, kan gjere det i perioden 10.–17. april.

Les meir om korleis rentene i Lånekassen blir fastsette og følg renteutviklinga på Lånekassens nettsider.

Mobiltelefon