Regjeringas forslag til nye koronatiltak for Lånekassens kundar i 2021

Publisert: 29.01.2021
Regjeringa har i dag foreslått nye tiltak for studentar. No skal Stortinget behandle desse forslaga.

Regjeringa foreslår følgande tiltak for studentar

  • Studentar som har mista inntekt på grunn av koronapandemien kan søke Lånekassen om å få eit tilleggslån på 26 000 kroner. 40 prosent, tilsvarande 10 400 kroner, vil bli gjort om til stipend.
  • Det blir gjort midlertidig unntak fra borteboerkravet for vårsemesteret 2021. Det betyr at du kan bo heime hos foresatte og framleis få lånet ditt omgjort til stipend.
  • Det blir gjort mellombels fritak for inntektsgrensa ut året for studentar som arbeider i helse- og omsorgssektoren, politistudentar og studentar som blir beordra til beredskapsarbeid gjennom Heimevernet eller Sivilforsvaret.

Les om forslaga i Regjeringas pressemelding.

Ver oppmerksam på at dette er forslag og at det derfor kan komme endringar når Stortinget behandlar forslaga.

Det kjem meir informasjon på lanekassen.no etter kvart. Vi kan dessverre ikkje svare på spørsmål om forslaga før dei er vedtatte.

Tilleggslån i 2021

Studentar og elevar som kan søke om nytt tilleggslån på grunn av nedgang i inntekt som skuldast koronapandemien, får e-post frå Lånekassen så snart det er mogleg å søke. Det vil tidlegast skje i slutten av februar. Før nokon kan søke, må Stortinget vedta forslaget, og forskrifta om tilleggslånet må vere fastsett.

Betalingsutsettingar i 2021

For dei som betaler på studielånet så foreslår regjeringa å vidareføre ordninga med utvida tilgang på betalingsutsettingar til 1. juli 2021. Du kan lese meir om dette på side 39 i regjeringas forslag til Stortinget  [pdf].

To studentar