Fleire med over 1 million i studiegjeld

Publisert: 29.03.2022
Studentar som avslutta høgare utdanning i 2021, enda i snitt med 378 000 kroner i studiegjeld. Drygt 900 studentar avslutta med over 1 million kroner i studiegjeld.

Gjennomsnittsgjelda ved avslutta høgare utdanning aukar, viser tal frå Lånekassen. I 2021 var gjennomsnittsgjelda etter avslutta utdanning på 378 000 kroner. I 2011 var den på 246 000 kroner.

Det er fleire grunnar til at studiegjelda aukar.

– Den generelle prisveksten er noko av forklaringa. Auken kan også forklarast med at det frå 2017 til 2020 var ei gradvis utviding frå 10 til 11 månader studiestøtte, seier administrerande direktør Morten Rosenkvist i Lånekassen.

Det har også komme fleire nye ordningar i Lånekassen som kan bidra til å forklare auken.

– Vi har blant anna fått på plass eit tilleggslån til studentar over 30 år, noko som gjer det lettare å studere også for vaksne med fleire økonomiske plikter. Dei siste to åra har det dessutan vore mogleg å søke eit ekstraordinært koronalån på 26 000 kroner. Dette er viktige ordningar som er med på å gjere utdanning mogleg, men det fører også til at den totale gjelda aukar, seier Morten Rosenkvist.

Høgare gjeld ved utdanning i utlandet

Dei som tar ein grad i utlandet, endar i snitt med høgare studiegjeld enn dei som studerer i Noreg. Hovudårsaka til dette er at mange utanlandsstudentar betaler skolepengar.

Gjennomsnittsgjelda ved avslutta høgare utdanning i Noreg var i fjor 355 000 kroner, medan tilsvarande tal for utanlandsstudentar var 641 000 kroner. For ti år sidan var gjennomsnittsgjelda 227 000 for studentar i Noreg og 406 000 for utanlandsstudentar.

– Frå hausten 2017 fekk utanlandsstudentar moglegheit til å låne inntil 100 000 kroner meir for å dekke skolepengar ved spesielt dyre studiestader. Dette bidrar til at gjelda til utanlandsstudentane aukar. Nivået på skolepengar ved lærestader i utlandet og valutakursendringar kan også påverke den totale gjelda for utanlandsstudentar, seier Morten Rosenkvist.

Fleire over 1 million

Når ein ikkje lenger får støtte til fulltidsutdanning frå Lånekassen, må ein begynne nedbetalinga av studielånet. Litt over 100 000 kundar i Lånekassen begynte å betale på studielånet i 2021. Omtrent 900 kundar hadde over 1 million i gjeld då dei starta nedbetalinga. For 10 år sidan var det berre éin kunde som avslutta studia med meir enn 1 million kroner i studiegjeld. I 2020 var talet 560.

Totalt har Lånekassen 1,2 millionar kundar, der 750 000 betaler ned på studielånet sitt. Les meir på statistikk.lanekassen.no